Toeffare tider for Sydvestor
ULSTEINVIK: Sydvestor opplever tøffare tider, men er fornøgd med resultatet innan aktiv kapitalforvaltning.
Nytt

Tøffare tider for Sydvestor

Sydvestor reduserte inntektene kraftig i fjor, men er fornøgd med forvaltningsresultatet til kundane.

27.08.2015
Det Ulsteinvik-baserte selskapet har åtte tilsette og driv innanfor akiv kapitalforvaltning, private equity-forvaltning, forvaltning av investeringsselskap innan skip, samt corporate finance.
Innanfor aktiv kapitalforvaltning er leiinga tilfreds med 2014-resultatet sett i lys av svingningane, spesielt påverka av det kraftige oljeprisfallet på slutten av året.
Her vert det vist til at oljeprisfallet fekk avgrensa effekt ettersom ein endra balansen i portefølgjen.
Totalt hadde Sydvestor investert i aksjar og andelar for 33,6 millionar kroner ved årssskiftet.

World Wide og Shipsinvest

Derimot er leiinga mindre tilfreds med resultata for enkelte større prosjekt innanfor offshore, shipping og den maritime sektoren. Her vert det spesielt vist til kanselleringar og utsetjingar.
Sydvestor eig 7,27 % av aksjane i det finansielle reiarlaget Sydvestor Shipsinvest, samt 6,43 % av aksjane i offshoreselskapet World Wide Supply.
I tillegg eig Sydvestor 50 % av selskapet Bølgen og Sydvestor, som har ein forretningsføraravtale med Møre og Romsdal Såkornfond.
Sydvestor har ein forvaltningsavtale med begge selskapa.

Halverte resultatet

Sydvestor reduserte inntektene med 10,5 millionar kroner frå 2013 til 2014. Resultatet før skatt enda i 2014 på 1,3 millionar kroner, ei halvering i forhold til året før.
Aksjonærane kan no fordele eit utbyte på ein halv million kroner, mot to millionar året før.
Sydvestor er eigd 70,9 prosent av dei tilsette gjennom selskapet Nordvestor Aktiv. Bak dette selskapet står Frede Uldbæk, Jostein Sætrenes, Steinar Sivertsen Kulen, Sigvald Skeide og Ivar Kvangardsnes.
Nest største aksjonærar er Hareid Elektriske og Stig Ulstein-selskapet Ulmar med kvar 6,1 prosent av aksjane.

- Krev konfidensialitet

Dagleg leiar Frede Uldbæk seier at det vert feil av han å kommentere utviklinga så langt i 2015.
- Vi er eit verdipapirforetak og for det meste arbeider vi på vegne av våre oppdragsgivarar.
- Dei krev utan unntak konfidensialitet.

Publisert: 27.08.2015 08:50

Sist oppdatert: 14.02.2022 11:50

Mer om