R Em Crusader foto Remøy Shipping
MEIR EIGENKAPITAL: Fleire investorar måtte til før Rem Crusader kunne bli ein del av Remøy Shipping-flåten. Foto: Remøy Shipping
Nytt

Tøffare å finansiere offshorebåtar

Med eigenkapitalen Remøy Shipping gjekk inn med kunne selskapet før overtatt Rem Crusader åleine. No måtte medinvestorar til.

20.06.2023

Plattformforsyningskipet Rem Crusader er no på veg inn i spotmarknaden i Nordsjøen, etter at Remøy Shipping gjekk saman med ei investorgruppe og kjøpte og klargjorde det 2010-bygde skipet.

Ei viktig årsak til at Remøy Shipping ikkje kjøpte skipet åleine, er dei strengare krava til kva bankane skal låne ut pengar til, drive fram av den såkalla taksonomien til EU og bankane si handtering av den.

Kort sagt vil EU medverke til reduserte CO2-utslepp ved å auke innlånskostnadane til bankar som låner ut til verksemd som gir store CO2-utslepp. Oljebransjen er rekna som ein slik bransje.

Målet er at bankane skal vri utlåna sine over til verksemd med mindre CO2-utslepp.

Taksonomiregleverket for finans tok til å gjelde i Noreg frå 1. janauar i år.

Treng meir eigenkapital

Administrerande direktør Karl-Johan Bakken seier til NETT NO at Remøy Shipping hadde nok eigenkapital ti å få finansiert Rem Crusader åleine, slik det var for få år tilbake.

Konsekvensen av at investeringar som i til dømes Rem Crusader må ha meir eigenkapital for å få finansiering. Difor måtte selskapet ha fleire investorar med å på eigarsida for å finansiere kjøpet.

Rem Crusader er det tiande plattformforsyningsskipet Remøy Offshore driv. Prisen for fartøyet er ikkje opplyst.

Må tene meir
Morten Ulstein, styreleiar i fleire Island Offshore-selskap og boreselskapet Island Drilling, var inne på same tema som Karl-Johan Bakken i eit intervju i NETT NO-magasinet hausten 2022.

Oljebransjen er på opptur, men bankane er ikkje med på å finansiere næringa slik dei var før oljekrakket i 2014.

- Kor mange bankar i dag har som strategi at dei skal auke sin aktivitet innan olje og gass? Det er svært få igjen, sa Ulstein.

Konsekvensen er at selskapa i bransjen må bere meir av finansieringa sjølv.

- Vi må tene så mykje at vi kan betale meir med eigenkapital, sa Ulstein,

Publisert: 20.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.06.2023 18:58