Morten Ulstein 2022 foto Ogne
OLJEOPPTUR: - Det er ein betydeleg auke i aktivitet og inntening, men vi har mykje vi skal ta att, seier Morten Ulstein om utviklinga i oljebransjen. Han er medeigar både i offshorereiarlaget Island Offshore og riggselskapet Island Drilling gjennom familieselskapet Borgstein, der han er dagleg leiar og styreleiar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Comeback for oljebransjen

Morten Ulstein meiner det heilt tydeleg har vore for mykje optimisme kring det grøne skiftet.

03.01.2023

Tidleg i 2021 diskuterte medlemane i den britiske regjeringa seg i mellom eit forbod mot nye leitelisensar etter gass og olje. I september 2022 lyste britane ut leitelisensar på over 800 blokker, den første utlysinga sidan 2019.

- Det er for alle å sjå at det har vore alt for mykje optimisme og det grøne skiftet vil ta mykje mykje lenger tid enn folk utan kunnskap og kompetanse har trudd, seier Morten Ulstein.

Utviklinga av alternative energiberarar til fossile energikjelder, teknologi og infrastruktur er rett og slett ikkje komen langt nok, etter Ulstein si vurdering.

Han er også redd vi har gjort det beste til det godes fiende:

- Når du har vakse opp med forbrenningsmotor så synst eg det er tragisk det som har skjedd i bilindustrien, der utvikling av forbrenningsmotoren har stoppa fullstendig opp.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Etter at Ulsteinfamilien i 1998 selde det dåverande Ulsteinkonsernet til Vickers (som seinare selde til Rolls-Royce) satsa Morten Ulstein og hans grein av familien på oljebransjen og etablerte offshorereiarlaget Island Offshore. Seinare satsa dei også på borerigg.

Begge deler har vore gjennom ein blytung nedtur, men no er alle fartøy i arbeid og boreriggen har kontraktar til inn i 2024.

Vi må tene så mykje at vi kan betale meir med eigenkapital
Morten Ulstein

- Det er ein betydeleg auke i aktivitet og inntening, men vi har mykje vi skal ta att, seier Ulstein.

Frå kontoret på Stålhaugen kunne Ulstein tidlegare sjå Island Offshore-skip i opplag. Det ergrar han å konstatere at då det statlege Eksfin gav selskapet berre eitt alternativ vart tre skip selde til 70 millionar kroner kvar. No ville selskapet fått tre gangar så mykje for dei.

Strategiske disposisjonar
Krigen i Ukraina og strupinga av den russiske gassforsyninga til Europa har vore ein vekkjar som har sett også energitryggleik på dagsorden, etter Ulstein si vurdering. Europa har ikkje gjort seg uavhengig av fossil energi – olje, gass og kol – men gjorde seg avhengig av fossil energiforsyning frå Russland.

- Det er eit spørsmål om strategiske disposisjonar. Er vi tent med eit sterkt Russland? spør han retorisk.

Det er ikkje berre britane som har lagt om kursen. I Canada er det store oljereservar i såkalla oljesand, felt som blant andre Equinor var medeigar i. Men oljesand er krevjande å utvinne, og utvinninga gir høgare CO2-utslepp enn for eksempel oljeutvinning i Nordsjøen.

Oljesandutvinning blei ei skyteskive for mellom andre miljørørsla og ei politisk belastning å drive med. I 2017 hadde Equinor (då Statoil) seld seg ut av oljesandutvinninga i Canada. Då Joe Biden blei president i USA i 2021, var noko av det første han gjorde å setje ein stoppar for ei rørleidning som skulle frakte olje frå oljesandfelta i Alberta i Canada til oljeraffineri i Texas i USA. Det var dødskysset trudde mange, ifølgje Financial Times.

No fyller selskapa i oljebransjen opp kassa igjen etter magre år.

- Det er akkurat som det var i 2014, og i 2014 var det heilt vilt, seier Tim Valleau, eigar av oljeserviceselskapet 1441 Energy Services til avisa i ein artikkel i juni i år.

Krigen i Ukraina har snudd stemninga.

- Vi har sagt det heile tida - vi kan ikkje tillate at nokre av verdas verste regime får ein dominerande rolle i den globale energimarknaden, sa statsminister Jason Kenney i delstaten Alberta i Canada. Kenney blei erstatta av partifellen Danielle Smith i oktober 2022. Ho er også tilhengar av utvinning av oljesand.

Opp for kol
Også kol har fått eit oppsving. Det internasjonale energibyrået (IEA) anslo i sommar at forbruket i kol vil nå rekordnivået frå 2013 og auke ytterlegare neste år, trass i frykt for eit internasjonalt økonomisk tilbakeslag og framleis nedstengingar i Kina.

Høge gassprisar har fått aktørar i mange land til å leite etter billegare energi, som kol. Etterspørselen har også auka på grunn av økonomisk vekst i India. I EU-landa er kolforbruket venta å auke med sju prosent i år, etter 14 prosent auke frå 2020 til 2021.

Troll A foto Norsk Olje Gass lysere
ETTERTRAKTA: Troll A-plattforma sett frå dekket til ein supplybåt. Sanksjonane mot Russland og Russlands reduserte gassleveransar til Europa har gjort gassen frå Troll A-feltet ekstra ettertrakta og norsk gass ekstra lønsam. Foto: Offshore Norge

Fleire EU-land forlenger levetida til kolkraftverk som var planlagt stengt, opnar stengde kolkraftverk og utvidar tida kolkraftverka kan vere i drift dagleg.

Kolprisen har også skote til vêrs, til historiske høgder. Det gjeld vel og merke ikkje russisk kol, som har blitt utstengt frå EU.

Vekst på norsk sokkel
Oljedirektoratet si prognose for åra 2023-2026 er at investeringane på norsk sokkel vil auke 2,1 prosent frå 2022 til 2023, åtte prosent frå 2023 til 2024 og ytterlegare 6,4 prosent, til 168,5 milliardar kroner i 2025. Berre i åra 2012-2016 var det høgare. Reknar vi med også kostnadane til leiting, drift og stenging av gamle installasjonar og brønnar er det snakk om rundt 280 milliardar kroner, eit nivå som berre var høgare i åra 2011-2015.

Ein del av desse investeringane vil føre til funn av nye felt, som skal produsere i fleire ti-år.

- Det kjem til å krevje nye forsyningsskip, seier Ulstein.

Klassifiserings- og risikoanalyseselskapet DNV kom i oktober med sin sjette rapport om korleis selskapet trur energimarknaden vil utvikle seg framover.

På kort sikt vil krigen auke bruken av kol i Europa, samstundes som krigen også får fart på utbygginga av fornybar kraftproduksjon, sa DNV-sjef Remi Eriksen til Dagens Næringsliv då rapporten vart lagt fram.

Europa får ei raskare utbygging av fornybar kraftproduksjon på grunn av krigen, men i resten av verda – og spesielt i låg- og middelsinntektsland - blir investeringar i fornybar kraftproduksjon utsette, ifølgje rapporten.

Restriktive bankar
Trass i stemningsskifte i favør av oljebransjen er det ikkje som det var under oljeboomen fram til 2014, med jubel for kvart nye funn på norsk sokkel og bankar som stilte opp med finansiering av nye offshorefartøy.

- Kor mange bankar i dag har som strategi at dei skal auke sin aktivitet innan olje og gass? Det er svært få igjen, seier Morten Ulstein.

Det er ein kombinasjon av retningsliner frå styresmaktene og press frå opinionen bak den utviklinga, etter Ulstein si vurdering.

Konsekvensen er at selskapa må bere meir av finansieringa sjølv.

- Vi må tene så mykje at vi kan betale meir med eigenkapital, seier Ulstein.

Det er ikkje berre ulemper med det. Konsekvensen av dei auka eigenkapitalkrava er mellom anna at det vil ta lengre tid å auke kapasiteten. Det reduserer i sin tur faren for at kapasitetsauken skjer så raskt at marknaden brått er overmetta. Og i ein nedtur vil meir solide selskap vere betre rusta til å takle den enn dei gjeldstunge offshorereiarane etter oljeprisfallet i 2014.

Meir realisme
Ulstein tvilar også på om olje- og gassutvinning får opinionen i ryggen på same vis som før oljeprisfallet i 2014, men oppfatninga om at det er ei solnedgangsnæring står svakare no enn før energikrisa krigen i Ukraina utløyste.

Det er meir realisme, meiner han.

Og marginane i oljeutvinning er framleis så høge at dei vil trekke til seg investeringar og aktivitet etter Ulstein si vurdering.

Island Offshore har operert i vindkraftmarknaden i fleire år, med skip som kan operere både i vindkraft- og oljebransjen.

- Vindmarknaden vil aldri ha dei marginane du har innan olje og gass, seier Ulstein.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Publisert: 03.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.01.2023 09:10

Mer om