Toeft men betre for I P Huse
FÆRRE TILSETTE: Administrerande direktør Morten Hopland (innfelt) i I.P. Huse har reduserte talet på tilsette frå 140 i starten av 2017 til omlag 95 i dag. 
Nytt

Tøft, men betre for I.P. Huse

I.P. Huse har snudd seg mot vasskraft- og subseamarknaden etter at inntektene blei meir enn halvert i fjor.

23.11.2020

I 2019 stupte etterspørselen, og ein del av oppdraga som I.P. Huse på Harøya tok på seg for å halde aktiviteten oppe gjekk ikkje så bra. Det er dei viktigaste grunnane til at resultatet før skatt blei minus 50 millionar kroner for I.P.Huse i fjor.

Også i år blir tøft, men langt fra så ille som i 2019.

Frå 140 til 95
Administrerande direktør Morten Hopland vil ikkje gå ut med tal om korleis det går i år, ut over at resultatet blir betre.

- Det blir betydeleg betre enn i 2019, seier Hopland om 2020-resultatet.

I starten av 2017 var det 140 tilsette i selskapet, no er det omlag 95.

Oljestup
Den tradisjonsrike bedrifta har i hovudsak levert vinsjar til ankerhandteringsskip og system for å forankre boreriggar. Marknaden for desse produkta har stupt i kjølvatnet av offshorekrisa.

I tillegg til offshoremarknaden lagar selskapet delar til vasskraftindustrien, leverer til fiskeri- og oppdrettsnæringa og subseamarknaden, driv vedlikehald og reparasjon og tek også andre type oppdrag som ein mekaniske industribedrift kan utføre.

Hopland seier nokre oppdrag no kjem fordi kundane treng ein norsk leverandør når koronatiltaka gjer det vanskeleg å bruke utanlandske leverandørar.

Les også: Nye reduksjonar ved I. P. Huse

Fekk på plass avtale om krisepakke

Synspunkt: Maritim politikk må gå fra ord til handling

Maritim næring om krisehjelp: – Vil vere eit betydeleg bidrag

Verftsleiar om garantiforslag: – Ekstremt positivt


Det blir betydeleg betre enn i 2019
Morten Hopland

I.P. Huse as

Tal i mill. kroner

2019

2018

Driftsinntekter

162,0

369,2

Driftsresultat

-60,2

-9,9

Resultat før skatt

-50,1

-2,8


Publisert: 23.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 04.10.2021 08:06