Harald Sætre Ulstein Betong
NOK Å GJERE: Ulstein Betongindustri har oppdrag som gir arbeid til våren/sommaren neste år. Det er ein uvanleg lang tidshorisont for selskapet fortel dagleg leiar Harald Sætre. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Tøft å få tak i folk

I vår og i sommar har Ulstein Betongsindustri søkt etter fleire betongarbeidarar og forskalingssnekkarar, men ikkje fått tak i nok.

18.07.2021

Harald Sætre, som er toppsjef i Ulstein Betongindustri-konsernet, seier selskapet kunne tilsett fem til åtte betongarbeidarar og forskalingssnekkarar på dagen, om dei hadde kvalifisjonane som skal til.

Då koronaepidemien og smitteverntiltaka mot den kom i mars i fjor vart det ei avventande haldning i entreprenørmarknaden. Det merka Ulstein Betongindustri både i betongproduksjonen, knuseverket og i datterselskapet Ulstein Entreprenør.

Den avventande haldninga er der ikkje lenger.

- Slakken vi hadde i fjor er forsvunne som dogg for sola, seier Sætre.

No er utfordringa å få tak i folk.

Mest marint
Ulstein Betongindustri-konsernet i Haddal i Ulstein er eit familieigd konsern med røter tilbake til 1925 og med over 20 eigarar. Per i dag har selskapet omlag 80 tilsette og rundt 20 innleigde.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Ulstein Betongindustri as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt164,7158,8

Driftsresultat

10,618,2
Resultat før skatt7,416,0

Konsernet er delt i fleire datterselskap, som omfattar knuseverk, betongproduksjon, enterprenør- og transportrverksemd og bygging av betonginstallasjonar.

Ulstein Betong Marine er det største datterselskapet, med 103 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Det arbeider mot to marknadar, fôrflåtar til oppdrettsnæringa og ulike typer flytebrygger for fiskeri-, småbåthamner og samferdsel.

Vekst
I år ligg selskapet an til ny vekst i driftsinntekter og omlag same lønsemd som i fjor, seier Sætre.

Sjølv om Sætre karakteriserer oppdrettsmarknaden som krevande er det ein bransje selskapet ønskjer å vere i. Saman med marknaden for flytebrygger, flytemoloar og andre flytande installasjonar for lystbåtar, fiskeflåten og samferdsel er det ein marknad med utvikling og spanande moglegheiter.

Konsernet har uvanleg full ordrebok.

- Dei oppdraga vi skal byrje på i september skal leverast i mai/juni neste år, seier Sætre.

Medeigar
Salsarbeidet inn mot oppdrettsmarknaden skjer i samarbeid med Marine Construction i Os ved Bergen.

I marknaden for flytebrygger, små båtanlegg og liknande er det Marina Solutions i Ørsta som er samarbeidspartnar. Det er eit selskap som er i sterk vekst og som i år ligg an til å auke driftsinntektene med 40-60 prosent.

Ulstein Betongindustri er medeigar Marina Solutions, med 14,8 prosent av aksjane.

Det var ei investering selskapet gjorde for at datterselskapet Ulstein Betong Marine skulle ha to føter å stå på, både oppdrettsmarknaden og flytbryggeanlegg-marknaden, ifølgje Sætre.

Publisert: 18.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 18.07.2021 09:41

Mer om