Rekord på rekord for Marina Solutions
Marina Solutions sette ny rekord i både driftsinntekter og lønsemd fjor, og har allereie no seld meir enn i heile 2020.
- Det ser veldig bra ut, seier Torgeir Iversen, dagleg leiar og største aksjonær i Marina Solutions om 2021.
Selskapet med hovudkontor og storparten av arbeidsstokken i Ørsta konstruerer småbåtanlegg og flytekaier og -moloar i betong og har også arbeidd seg inn i oppdrettsnæringa med eigenkonstruerte fôrflåtar i betong.
Selskapet har auka arbeidsstokken med to i år , og er no oppe i 20 tilsette.
Marina Solutions as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 107,9 | 97,5 |
Driftsresultat | 6,8 | 3,0 |
Resultat før skatt | 6,1 | 2,5 |
- Det ligg an til ei omsetning på mellom 150 og 170 millionar kroner, seier Iversen om 2021. Så langt i år er det signert kontrakter for 120 millionar kroner. Det betyr at 2022 blir tredje år på rad med rekord i driftsinntekter.
I fjor passerte selskapet 100 millionar kroner i driftsinntekter, og fekk også si beste lønsemd så langt. (Sjå tabell)
Kapasitetsutfordring
Utfordringa i år blir å kunne levere raskt nok.
I dag blir betongkonstruksjonane støypt hos Ulstein Betong (som også er tredje største aksjonær med 14,8 prosent) og hos samarbeidspartnaren G-Bygg på Kyrkjsæterøra.
Iversen seier selskapet ventar vekst også i 2022 og vurderer å skaffe seg ytterlegare byggekapasitet.
Vekst i alle marknadar
Veksten kjem i fleire deler av marknaden, etter Iversen si vurdering. For få år sidan utgjorde oppdrettsmarknaden omlag fem prosent av driftsinntektene, i dag står den for omlag 30 prosent og er veksande.
Samstundes er Iversen optimistisk til utvikling i selskapet sine tradisjonelle marknadar, som er er småbåtanlegg og flytande kaianlegg. Selskapet arbeider og med kontraktar for flytekaier til cruiseskip, som kan bli store ordrar om dei går inn.
Publisert: 02.06.2021 06:00
Sist oppdatert: 01.06.2021 19:32