
Tøft år for Optimar også i år
Islandske eigarar styrka eigenkapitalen.
Som Optimar melde i ei pressemelding i starten av august, vart 2023 eit nytt år med fall i inntektene og underskot.
Ifølgje årsmeldinga for 2023, som no er offentleg, ventar Optimar at også 2024 blir eit krevande år. Deretter er det derimot potensiale for vesentleg vekst, skriv selskapet.
Optimar lagar produksjons- og handteringsanlegg til fiskeri, fiskeindustri og oppdrettsnæringa.
Islandsk eigar inn med meir pengar
Det er inflasjon, høge renter og redusert investeringsnivå i vesentlege marknadar, som er årsaka til at selskapet trur også dette året blir tøft.
Optimar fekk islandske Kaldbakur som eigar i februar i år, etter at det tyske Haniel-konsernet og tilsette selde seg ut.
Då hadde Optimar hatt fleire tøffe år bak seg, som mellom anna gjorde at den bokførte eigenkapitalen krympa frå 104 til 48 millionar kroner frå 2022 til 2023.
I mai i år vart selskapet tilført 112 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom konvertering av gjeld, og i tillegg fekk det ein nye låneavtale for å sikre at det har god nok likviditet, ifølgje årsmeldinga.
Optimar as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftinntekt | 444,0 | 639,7 |
Driftsresultat | -91,2 | -342,5 |
Resultat før skatt | -56,0 | -328,1 |
Publisert: 28.08.2024 14:52
Sist oppdatert: 28.08.2024 16:34