Optimar gjøsund orientering foto marius 11
NY EIGAR: Optimar med produksjon på Valderøya har fått islandske eigar. Her frå eit orienteringsmøte hos bedrifta. Optimar har i dag 260 tilsette. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Islandsk eigar for Optimar

Dei tyske eigarane har selt til Samherji-selskap.

26.02.2024

Etter det NETT NO har fått opplyst, blei dei tilsette informert på eit allmøte i dag, mandag 26. februar. Optimar lagar utstyr og anlegg til fiskeindustri, oppdrettsbransjen og fiskebåtar.

Det er investeringsselskapet Kaldbakur som kjøper Optimar, ifølgje ei pressemelding. Prisen er ikkje opplyst.

LES OGSÅ: Samde om Optimar-kjøp på rekordtid

Kaldbakur er eigd av det islandske sjømatselskapet Samherji, som mellom anna er medeigar i det norske fiskerikonsernet Nergård.

"Optimar er en pålitelig, langvarig partner for den globale fiskeindustrien med sterke kunderelasjoner. Vi er spente på mulighetene vårt partnerskap vil gi både til Optimar og vår bredere portefølje," seier administrerande direktør Eiríkur S. Jóhannsson i Kaldbakur i pressemeldinga.

Tysk exit
Optimar vart kjøpt at det familieigde tyske konsernet Haniel i 2017. Selgarane var investeringsselskapet Credo og Optimar-grunnleggarne.

Fram til desember 2022 var konsernet 100 prosent eigd av Haniel, men resultata blei ikkje som venta. Koronapandemi og sanksjonar mot Russland var med på å forverre situasjonen for selskapet.

Haniel gjorde om gjeld til eigenkapital og fekk dei tilsette inn på eigarsida.

Før salet til islendingane eig Haniel 69,002 prosent av holdingselskapet i Optimar-konsernet, Optimar International. Oneoptimar - eit selskap eigd av mange av dei tilsette - eig 29,998 prosent og dagleg leiar Georg Saint-Denis sitt selskap GSD Optiholding eig 1,002 prosent.

Fekk styringa
Georg Saint-Denis kom inn som rådgivar i april 2022, og har stått i spissen for ein krevjande prosess med nedbemanning, omorganisering av produksjon, sletting av gjeld - og å få dei tilsette inn som medeigararar.

Då Haniel i 2022 bad han om å forlenge Optimar-engasjementet i fjor, kom han med eit vilkår som det tok ei tid å få innfridd, men som Haniel til slutt sa ja til: Saint-Denis ville ha styringa, og det fekk han ved at to prosent av aksjane i Optimar International er A-aksjar. Berre A-aksjane har stemmerett på generalforsamlinga, og Saint-Denis eig akkurat over halvparten av A-aksjane.

Såg etter folk
Då NETT NO snakka med Georg Saint-Denis under oppdrettsmessa Aqua-Nor i Trondheim i august 2023 sa han at Optimar var i fred med å sjå etter fleire tilsette igjen.2022 enda med eit resultat før skatt på minus 328 millioner kroner, men i august 2023 venta Saint-Denise eit lite overskot for 2023.

Det endlege tala er ikkje klare, men det blir snarare eit lite minus i 2023, seier Saint-Denis i dag. I lys av situasjonen Optimar har vore i er han nøgd med resultatet, og rosar innsatsen til dei tilrsett, sjølv om han ikkje er nøgd med minusresultat.

Så langt i år er utsiktene mykje, mykje bedre.

- Vi har fleire store prosjekt vi er nær ved å signerer, seier Saint-Denis.

Publisert: 26.02.2024 11:25

Sist oppdatert: 26.02.2024 14:49

Mer om