Vad
SVIKT: Vad fekk ikkje den salsauken mange andre møbelprodusentar fekk i andre halvår i fjor. Foto: Vad
Nytt

Tøft år for Vad

Salsauken møbelprodusenten Vad håpa på kom ikkje i fjor.

13.09.2021

Då koronaepidemien kom i mars i fjor fekk møbelprodusenten Vad ein markert salsvikt og måtte ta igjen det tapte mot slutten av året for å unngå at 2020 blei tredje år på rad med underskot.

Det gjekk ikke. Reknskapdatabasen Proff går tilbake til 2001, og viser at Vad ikkje har hatt lågare driftsinntekter enn selskapet i fjor.

Vad sin viktigaste marknad er kontraktsmarknaden, der private og offentlege bedrifter/institusjonar er kjøparane.

Betre i år
Vad hadde kutta kostnadar før koronaepidemien kom, og mellom anna reduserte frå 12 til ni årsverk.

I så langt år ligg selskapet føre same periode i 2020, både når det gjeld driftsinntekter og lønsemd, ifølgje årsmeldinga.

Vad as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt21,928,1
Driftsresultat-1,2-0,2
Resultat før skatt-1,8-0,5

Kostnadskutta som vart gjort i slutten av 2019 og i starten av 2020 har "hatt betydelig effekt" i slutten av 2020 og 2021, heiter det ei årsmeldinga. Det er grunnen til at styret meiner det er grunnlag for vidare drift sjølv om selskapet har to millionar krone i bokført negativ eigenkapital.

Flytta ut
Vad flytta heile produksjonen frå Stordal til Baltikum i 2013, der Vad leiger produksjonskapasitet.

Adresse for hovudkontoret er Stordal.

Dei første åra etter flyttinga gjekk lønsemda opp for Vad, og nådde ein førebels topp i 2016, med 3,3 millionar kroner i resultat før skatt av 29,9 millionar kroner i driftsinntekter.

Vad er eigd av dagleg leiar Håkon Vad sitt selskap Vad Plus.

Publisert: 13.09.2021 15:30

Sist oppdatert: 13.09.2021 15:26

Mer om