Tømrarfirma med åtte tilsette konkurs
Rettspapira viser betydeleg gjeld etter at styret melde oppbod.
Møre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurs i selskapet Stifo Bygg, etter at styret hadde meldt oppbod.
Tømrarfirmaet som blei starta i 2017, har halde til i Ørsta og hadde åtte tilsette. Verksemda er no innstilt.
I rettspapira frå tingretten kjem det fram at den samla gjelda er anslått til drygt 4,8 millionar kroner. Verdiane i firmaet er anslått til kring ein halv million.
Inntektene stupte – underskotet auka
Tømrarfirmaet har i hovudsak jobba med på einebustader, mellom anna med påbygg og tilbygg. Rekneskapane for dei siste åra viser at inntektene har peika bratt nedover – samstundes som underskota har vekse.
I 2021 omsette firmaet for 8,1 millionar og fekk drygt 700.000 i minus. I fjor stoppa inntektene på 4,3 millionar og underskotet steig til halvannan million kroner.
Lånte midlar og forsøkte tiltak
I rekneskapen for 2022 som blei levert i førre månad blir det påpeika at aksjekapitalen er tapt og likviditeten er anstrengt.
Eigaren lånte inn nokre midlar og samtidig blei det gjort fortløpande tiltak for å sikre positiv inntening, heitte det i årsmeldinga.
Bustyrar for konkurssaka er Thore Heggen, som torsdag ettermiddag ikkje hadde vore i kontakt med leiinga. Første skiftesamling er planlagt 24. oktober.
Publisert: 14.09.2023 15:48
Sist oppdatert: 25.10.2023 11:51