Uklart kva som skjer med New World Supply skipa
TORVIK: World Opal og World Peridot vert liggjande ved Herøyterminalen, sjølv om skipa er selde til ny eigar.
Nytt

Uklart kva som skjer med New World Supply-skipa

Ny eigar har overtatt, men båtane ligg framleis i Ålesund og i Torvika.

30.04.2019
- Vi veit faktisk ikkje kva planar den nye eigaren har for desse skipa.
- Det einaste vi har fått vite at skipa vert liggjande der dei ligg i dag ei stund til framover.
Det seier dagleg leiar Even T. Remøy i Remøy Management.
Herøy-selskapet har hatt managementet på dei Romania-bygde skipa heilt sidan Ulstein-baserte World Wide Supply overtok PSV-ane i 2013.
Remøy Management hadde også ansvar for prosjektering og byggjeoppfølging for skipa i Romania.

Borealis Maritime

Etter at Ulstein-selskapet fekk økonomiske problem, mykje som følgje av at fire av flåten på seks PSV-ar vart kasta ut av Brasil, overtok selskapet New World Supply (NWS) som eigar, der Øystein Stray Spetalen-kontrollerte Standard Drilling etter kvart kjøpte seg inn med 34,4 prosent eigarskap.
Det var også Standard Drilling som 12. april opplyste at dei fire siste PSV-ane var selde til ein ‘velkjent og anerkjend’ motpart.
Fleire medier har seinare rapportert at det er det britiske maritime investeringsselskapet som har kjøpt dei fire skipa.
Det er i så fall det same selskapet som kjøpte dei to første World Wide-skipa, som no heiter OOC Emerald og OOC Sapphire.
Eitt av dess skipa er i arbeid utanfor Liberia, det andre ligg i opplag i Cadiz.

Fleire var interesserte

Dei fire siste skipa er World Opal og World Peridot, som ligg i opplag ved Herøyterminalen i Torvika, i tillegg til World Diamond og World Pearl som ligg i opplag i Ålesund.
Even T. Remøy seier at det var fleire aktørar som var interesserte i skipa.
- Ja, interessa har auka i takt med at det har lysna litt for denne typen båtar.
Dei 80 meter lange og 16,2 meter breie lange søsterskipa har eit dekksareal på 728 kvadratmeter.
Vi veit faktisk ikkje kva planar den nye eigaren har for desse skipa

Publisert: 30.04.2019 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34