Samanlikna med februar 2013 fall fiskeeksporten til Ukraina i februar i 2014 med over 60 prosent.
Jan Eirik Johnsen i Norges Sjømatråd meiner den økonomiske og politiske uroa i Ukraina gav eit kraftig utslag for fiskeeksporten frå Noreg i februar.
- Ei av årsakene er ein betydeleg svekt lokal valuta mot dollar, det ser vi heilt tydeleg, seier Johnsen.
Resultatet er at norske fiskeeksportørar må bere ein større del av risikoen om dei ikkje får betalt for eksporten til Ukraina.
Samla importerte Ukraina 9700 tonn fisk frå Noreg i februar 2013. I februar i år var importen krympa til 3800 tonn.
I 2013 kjøpte ukrainarane norsk sild for 330 millionar kroner, ifølgje Norges Sjømatråd.
Berre Russland (790 millionar kroner), Tyskland (370 millionar) og Litauen (380 millionar) var større.
Til saman var den norske sildeeksporten på 3,2 milliardar kroner i 2013.
Sett frå Ukraina si side er også sild det viktigast importproduktet, nesten halvparten fisken landet importerer frå Noreg er sild.
Men uro i landet har fått selskapet til å auke kontakten med GIEK, norske styresmakter og kundane. Målet er mellom anna å greie å selje meir av fisken til Ukraina kontant, for å redusere risikoen.
Uroa i Ukraina, og uvissa rundt striden mellom Russland og Vesten, gjer det tyngre å vere fiskeeksportør.
- Det er ein vanskeleg situasjon. Russland og Ukraina er to kjempeviktige marknadar for oss, seier Vikenes.
I Russland fall importen av norsk fisk - målt i vekt - med 31 prosent i februar i år, målt mot februar 2013. Her er det laks som er hovudproduktet. Høge prisar på laks og aure gjer at importen frå Noreg gjer at eksporten i februar - målt i kroner - i år er på nivå med februar 2013.
Johnsen vil ikkje å spekulere i om denne konflikten vil få konsekvensar for eksporten av norsk fisk til Russland.
Jan Eirik Johnsen i Norges Sjømatråd meiner den økonomiske og politiske uroa i Ukraina gav eit kraftig utslag for fiskeeksporten frå Noreg i februar.
- Ei av årsakene er ein betydeleg svekt lokal valuta mot dollar, det ser vi heilt tydeleg, seier Johnsen.
GIEK strammar inn
Valutaendringane har gjort det dyrare for ukrainarane å importere norsk fisk. I tillegg har risikoen for norske eksportørar auka, fordi GIEK (Garantinstituttet for eksportkreditt) har stramma inn på vilkåra for sine eksportkredittar til Ukraina.Resultatet er at norske fiskeeksportørar må bere ein større del av risikoen om dei ikkje får betalt for eksporten til Ukraina.
Samla importerte Ukraina 9700 tonn fisk frå Noreg i februar 2013. I februar i år var importen krympa til 3800 tonn.
Stor sildekunde
Ukraina er ein stor importør av norsk sild, og tok unna rundt 12 prosent av den norske sildeeksporten ifjor.I 2013 kjøpte ukrainarane norsk sild for 330 millionar kroner, ifølgje Norges Sjømatråd.
Berre Russland (790 millionar kroner), Tyskland (370 millionar) og Litauen (380 millionar) var større.
Til saman var den norske sildeeksporten på 3,2 milliardar kroner i 2013.
Sett frå Ukraina si side er også sild det viktigast importproduktet, nesten halvparten fisken landet importerer frå Noreg er sild.
Sal som planlagt
Administrerande direktør Tor Vikenes i Norway Pelagic - - seier sildesalet til Ukraina så langt i år har gått etter planen.Men uro i landet har fått selskapet til å auke kontakten med GIEK, norske styresmakter og kundane. Målet er mellom anna å greie å selje meir av fisken til Ukraina kontant, for å redusere risikoen.
Uroa i Ukraina, og uvissa rundt striden mellom Russland og Vesten, gjer det tyngre å vere fiskeeksportør.
- Det er ein vanskeleg situasjon. Russland og Ukraina er to kjempeviktige marknadar for oss, seier Vikenes.
Roleg i Russland
Også Russland har ei valutakursutvikling som har gjort det dyrare å importere. Også her har GIEK stramma inn på vilkåra, slik at norske eksportørar må bere ein større del av risikoen for at dei ikkje skal få betalt.I Russland fall importen av norsk fisk - målt i vekt - med 31 prosent i februar i år, målt mot februar 2013. Her er det laks som er hovudproduktet. Høge prisar på laks og aure gjer at importen frå Noreg gjer at eksporten i februar - målt i kroner - i år er på nivå med februar 2013.
Ventar på sanksjonar
Både EU og USA har varsla sanksjonar mot Russland etter at landet støtta folkerøystinga som gav fleirtal for at Krim skulle bryte ut av Ukraina og slå seg saman med Russland.Johnsen vil ikkje å spekulere i om denne konflikten vil få konsekvensar for eksporten av norsk fisk til Russland.
Publisert: 18.03.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31