Ulstein avtale om sjoelvstyrt buss
SUPPLERE: Den sjølvstyrte bussen skal ikkje erstatte, men supplere dagens bussar. 60 prosent av innbyggjarane i Ulstein kommuen bur i og like rundt sentrum, og ordførar Knut Erik Engh håpar mellom anna ein sjølvgåande buss kan vere ein matebuss inn til anna kollektivtrafikk. Går alt etter planen startar testing av ein slik buss neste år.
Nytt

Ulstein-avtale om sjølvstyrt buss

Neste år kan folk i Ulsteinvik ta buss som sjølv finn vegen mellom sentrum og Ulstein Vidaregåande skule/Høddvoll. Kommunen signerer avtale.

Administrator
29.03.2019
Kommunen har nettopp skrive under ein avtale med konsulentselskapet Acando om ei forstudie som skal avklare kva som må til for å lukkast med førarlause bussar.
Går alt som ordførar Knut Erik Engh i Ulstein håpar kan ein buss testast i rutetrafikk neste år.

Med førar i testperioden

I testperioden er det den kring to kilometer lange strekninga mellom Ulstein vidaregåande skule/Høddvoll og sentrum som skal brukast. Det er stor biltrafikk til dette området dagleg med skuleelevar og barn som går på ulike fritidstilbod.
Ein suksess kan bety langt meir omfattande bruk.
- Vi har eit mål om at i framtida får vi autonome bussar som kan hente folk på forespørsel, seier Engh.
Ein slik buss kan og fungere som ein matebuss til og frå buss-stasjonen og vidare kollektivtrafikk.
Bussen skal ha ein førar ombord i testperioden, men berre for å gripe inn om teknologien ikkje fungerer.

Søkjer Kongsberg-samarbeid

Mandag 1. april tek det Kongsberg Gruppen over eigarskapen til marinedivisjonen til Rolls-Royce, og får ei stor avdeling i Ulsteinvik.
I Kongsberg er kommunen i gang med å teste ut sjølvstyrt buss, med mellom andre Kongsberg Gruppen som ein indirekte partnar i prosjektet.
Kongsberg Gruppen er langt framme i utvikling av førarlause skip og kommune vil gjerne ha Kongsberg Gruppen med på buss-satsinga i Ulsteinvik også.
- Det blir naturleg å ta kontakt med Kongsberg Gruppen, seier prosjektleiar Audun Hopland i Ulstein kommune. Han arbeider mellom anna med buss-prosjektet.

Ulstein først i Møre og Romsdal

Slike bussar har vore testa fleire stader i landet, men Ulstein var den første kommunen som tok kontakt med fylkeskommunen for å få ei teststrekning for førarlause - eller såkalla autonome bussar.
Testinga av ein sjølvgåande buss i Kongsberg starta i fjor haust. Erfaringa frå vinteren er at den treng god brøyting og kan få problem i tett snødrev, fordi sensorane som held den på vegen og unna folk og bilar, kan bli tetta igjen.

Dei fleste nøgd med pilotprosjekt

I fjor gjennomførte Acando og Obos gjennomføre ein
Her viste ei brukarundersøking etterpå at 71 prosent var positive til at det kom slike bussar, og befolkninga på Fornebu vart meir positive i løpet av testperioden.
Dei yngste og dei som har forsøkt bussen, var mest positive. Delen av dei som meinte sjølvstyrte bussar var trygt, auka frå 24 til 38 prosent, i løpet av prosjektet.
Samstundes fekk den låge farta meir merksemd og uroa for andre trafikantar auka også.
Ein sjølvkøyrande buss er og .

Små bussar

Den er ikkje store bussar det er snakk om. Den sjølvstyrte bussen i Kongsberg har plass til 12 passasjerar.

Vi har eit mål om at i framtida får vi autonome bussar som kan hente folk på forespørsel

Publisert: 29.03.2019 11:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33