Regionforeiningane i NHO (Næringslivets Hovedorganisasjon) har rangert kommunane i sitt området etter kor mykje handelen i november og desember utgjer av dei samla inntektene til butikkane.
Der plasserer Ulstein seg heilt på topp i Møre og Romsdal.
I Ulstein utgjer julehandelen slik NHO definerer den, 20,5 prosent av inntektene til butikkane i løpet av året. Like bak kjem Ørsta og Ålesund.
Sjå tabell under
Skilnaden mellom kommunane fortel noko om i kor stor grad butikkane der greie å trekkje til seg kundar frå andre kommunar, og dermed ta ein større andel av julehandelen enn eige folketal skulle tilseie.
– Eg trur at når sentrale hubbar blir attraktive for eit omland, når du ei kritisk masse, seier regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal.
Nøkkelen for å det til, ligg i ein kombinasjon av god kommunal planlegging og eit godt samarbeid med eit næringsliv som torer å satse - og som gir eit stort og mangfoldig nok butikktilbod.
Det har vore tilfelle i både heimkommunen hennar, Ulstein, og i Ørsta, etter Solheim si vurdering.
Stryn og Stranda taper
Hadde handelen vore akkurat like gjennom heile året utgjer to månadars omsetning 16,6 prosent av årsinntekta til butikkane.
I dei kommunane julemånadane utgjer mindre enn 16,6 prosent trekkjer julemånadane ned inntektene til butikkane.
Grunnen er truleg at folk frå desse kommunane også handlar andre varer enn gåver og andre innkjøp knytt til jula, når dei først er på julehandel i andre kommunar.
Aller verst ute i så måte er Stryn og Stranda.
Sjå tabell under
Bergen og Ålesund størst
I absolutte tal er dei største byane i ei særklasse, og aller mest i Bergen.
Vestlandshovudstaden står for over halvparten av butikkhandlen i Vestland fylke i november og desember, ifølgje NHO Vestland.
Ålesund strå for knappe 30 prosent av handelen i Møre og Romsdal.
Saman med Molde og Kristiansund har Ålesund 55,5 prosent andel av julehandelen i fylket.
| Juleindeksen | |||
| Julehandel i % av handelen heile året | Julehandel i mill. kroner. (før moms) | Andel av julehandelen i fylket | |
| Ulstein | 20,5 % | 239 | 4,3 % |
| Ørsta | 19,9 % | 222 | 4,0 % |
| Ålesund | 19,8 % | 1663 | 29,8 % |
| Molde | 19,7 % | 774 | 13,9 % |
| Kristiansund | 19,6 % | 661 | 11,8 % |
| Sykkylven | 19,3 % | 123 | 2,2 % |
| Bergen* | 19,3 % | 6851 | 50,8 % |
| Kinn* | 19,3 % | 341 | 2,5 % |
| Sula | 19,2 % | 117 | 2,1 % |
| Haram | 18,6 % | 103 | 1,8 % |
| Vestnes | 18,5 % | 115 | 2,1 % |
| Stad* | 18,4 % | 215 | 1,6 % |
| Herøy | 18,1 % | 147 | 2,6 % |
| Sunndal | 18,1 % | 157 | 2,8 % |
| Hareid | 18,0 % | 52 | 0,9 % |
| Giske | 17,9 % | 104 | 1,9 % |
| Surnadal | 17,6 % | 123 | 2,2 % |
| Hustadvika | 17,5 % | 175 | 3,1 % |
| Aukra | 17,3 % | 36 | 0,6 % |
| Volda | 16,8 % | 261 | 4,7 % |
| Smøla | 16,8 % | 32 | 0,6 % |
| Gloppen* | 16,8 % | 111 | 0,8 % |
| Averøy | 16,6 % | 82 | 1,5 % |
| Vanylven | 16,4 % | 42 | 0,8 % |
| Fjord | 16,3 % | 41 | 0,7 % |
| Rauma | 16,3 % | 134 | 2,4 % |
| Aure | 16,2 % | 42 | 0,7 % |
| Gjemnes | 16,2 % | 21 | 0,4 % |
| Tingvoll | 14,5 % | 36 | 0,6 % |
| Stryn* | 13,4 % | 134 | 1,0 % |
| Stranda | 13,3 % | 68 | 1,2 % |
| * Desse kommunane ligg i Vestland fylke | |||
| Kjelde: NHO Møre og Romsdal og NHO Vestland. | |||
| NHO reknar julehandelperioden som månadane november og desember. |
Publisert: 25.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 25.10.2025 00:11






