Ulstein kabelskip OMS illustrasjon ulstein design solutions
NY KONTRAKT: Dei to kabelskipa er 130 meter lange og 22 meter breie. Om bord er det plass til 6500 tonn med kabel og ei besetning på 75 personar. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions
Nytt

Ulstein skal bygge to nye kabelskip

Storkontrakt med OMS Group frå Malaysia.

OMS Group i Malaysia har signert ei kontrakt med Ulstein-konsernet om to design og bygging av to nye kabelleggingsfartøy. Det opplyser skipsbyggjarane i ei pressemelding måndag. 

Det er snakk om to 130 meter lange fartøy med plass til opptil 75 personar om bord. Ulstein Design & Solutions står designet og dei to skip skal leverast frå Ulstein Verft i 2028. 

Prisen er ikkje oppgitt.

Ein gledens dag
– Det er ein gledens dag, seier hovudtillitsvald i Fellesforbundet på Ulstein Verft, Vegard Moltu Nilsen, om den nye kontrakten.

No har både verftet og medlemane hans fått en uvanleg langt tidshorisont å halde seg til.

Kontrakt Ulstein kalbelegging januar 2026 fot Ulstein Group
ARBEID UT 2028: F.v. Marita Myrvågnes, Vegard Moltu Nilsen og Torill Muren kan glede seg saman med resten av kollegaene i Ulstein Group etter ei dobbelkontrakt med reiarlag i Malaysia. Foto: Ulstein Group

– Dette betyr at vi har arbeid ut 2028. Det er ein uvanleg lang horisont i dette gamet her. Det gjer det råd å behalde dei folke vi har og kanske tilsette fleier. og ikkje minst auka satsing på lærlingar, seier Moltu Nilsen.

I løpet av 2026 skal Ulstein Verft lever to skip for vindkraftbransjen til havs og eitt kabelleggingsfartøy. Fram til verftet byrjar arbeidet med skipa til OMS Group er Moltu Nilsen trygg på at vedlikehald-, reparasjon- og ombyggingsoppdrag skal sikre nok å gjere.

Første kontrakt
Dette er første kontrakt mellom Ulstein Group og OMS Group. Det malaysiske selskapet har per i dag ein flåten på fem kabellegging/kabelreparasjonsskip ifølgje selskapet si nettside.

- Den aukande etterspurnaden etter global nettverkstilkopling har gjort flåtekapasitet til ein kritisk flaskehals. Dei nye fartøya styrkar evna vår til å utføre store, komplekse kabelinstallasjonar på ein påliteleg  måte, og posisjonerer OMS Group for neste vekstfase i den digitale infrastrukturen, seier Ronnie Lim, konsernsjef i OMS Group i pressemeldinga.

- Vi ser fram til å samarbeide med OMS Group om neste generasjons kabelleggingsfartøy, kontraktane stadfestar Ulstein sin posisjon innan design og bygging av spesialfartøy, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group i pressemeldinga i pressemeldinga.

Likte famileigarskapen
Marita Myrvågnes, som er ansvarleg for sal i nybyggingsmarknaden i Ulstein Verft eier den første kontakten om dei to fartøya kom i oktober. Deretter gjekk det for, og kontrakten vart signert 23. desember i fjor.

– Det har vore heftige to månadar frå midten av oktober til midten av desember, seier ho.

OMS Group er eit familieigd selskap, akkurat som Ulstein Group.

Det kom klare signal om at famileigarskapen var ein fordel, slik OMS Group såg det, og det er ein stor del av forklaringa på av det malayiske selskapet valde å signere med Ulstein, ifølgje Myrvågnes.

Publisert: 19.01.2026 07:28

Sist oppdatert: 19.01.2026 11:56

Mer om