Spotpris
HOPP: Kraftprisen har stige kraftig siste dagane, og bikka 100 øre kWh på morgonen. Bilde: Nord Pool
Nytt

Kraftig hopp i straumprisane

Spotprisen bikka 100 øre/kwh. Ei årsak er kaldt vêr og lite vind i Sentral-Europa.

28.04.2021

Onsdag morgon var spotprisen for straum oppe i 103 øre/kWh, viser ferske tal frå Nord Pool.

Snittet for dei siste tolv månadene er derimot på 23 øre/kWh, og for dei siste 30 dagane på 33 øre/kWh.

Måndag var spotprisen for Midt-Norge på 46,5 øre/kWh, og ei veke før var prisen på 33,5 øre/kWh.

Det er dermed snakk om ein svært kraftig auke på kort tid, noko både bedrifter og privatkundar vil merke.

Like kraftprisar
Kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi skriv i sin siste vekesrapport at kraftprisen er løfta opp til nordisk nivå.

- Med det meiner vi at overføringane mellom nord og sør i Norden i dag ikkje er større enn at snitta taklar det og flaskehalsane fell vekk.

- Vi her i nord koplar mot dei høgare prisane i sør. Dermed har vi lik pris i nord og sør for dei fleste dagtimane.

Kaldt europeisk vêr
Han viser også til at prisane i Tyskland er høge grunna kombinasjonen av lite tysk vind og kulde i Sentral-Europa.

- Det vert effektprising der fossile brensler kjem inn og set prisen for Tyskland og med prissmitte til Norden. Når vi no er komen so langt på året er der mykje solkraft på kontinentet, men på kveldane stig kraftprisen markant når sola går ned og gasskrafta kjem inn. Dette smittar også inn i Norden som i dag har høg pris på kveld.

Han trur på at trenden kan halde fram.

- Det vert kjølig med lite vind heile denne veka, og det er ikkje utenkjeleg at same priskopling kan skje vidare utetter.

Kraft 12 mnd
PRISUTVIKLING: Her ser ein utviklinga i spotprisen dei siste 12 månadene. Bilde: Nord Pool
På kveldane stig kraftprisen markant når sola går ned og gasskrafta kjem inn
Tor W. Havåg

Publisert: 28.04.2021 13:14

Sist oppdatert: 28.04.2021 14:00

Mer om