Fosnavaag Holding fekk i fjor ei salsinntekt på 78 millioner kroner, mot 120 millioner året før. På grunn av at dei i 2015 også kunne inntektsføre ein salsgevinst på 135 millioner kroner, fekk dei nesten 150 millioner kroner i overskot før skatt i 2015. I fjor vart det derimot eit underskot på nesten 15 millioner kroner før skatt (sjå tabell).
Konsernet eig 100 prosent av aksjane i Fosnavaag Shipping as, Remøy Havfiske as, Remvakt as, Fosnavaag Wellboat as, samt 70 prosent av aksjane i Fosnavaag Havfiske as.
Verken Remøy Havfiske, Fosnavaag Havfiske eller Fosnavaag Shipping gjekk med overskot i fjor.
Les også:
Som kjent vart fartøyet tidlegare i år halde arrestert i 24 dager i Russland på grunn av ein formalfeil fiskeridirektoratet hadde gjort. I forrige veke vart det også kjent at ein russisk domsstol i ei domsslutning ga Remøy Havfiske ei bot på omlag 30 millioner kroner på grunn av denne feilen og meinte det var ulovleg fiske etter reker. Dette meiner advokaten til selskapet og mange andre er uforståeleg og at det dreier seg om eit forhold mellom Norge og Russland.
Les også:
Sjå også relaterte saker.
NETT NO har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Olav Remøy.
Styret skriv i årsmeldinga er fokuset framover i stor grad vil handle om å drive fartya mest mogleg effektivt, samt at dei vurderer ei fornying/utskifting av M/S Nordsjøbas, som vart bygd i 1996.
Remvakt as eig og driv KV Ålesund, eit farty spesialbygd for kystvaktteneste. Dette skipet er ute av kontrakt og selskapet jobbar no med å selge fartøyet ifølgje årsmeldinga.
I 2015 selde Fosnavaag Wellboat ut brønnbåtane Viktoria Viking, Viktoria Lady og FS Stormy. Dermed har ikkje konsernet involvert i brønnbåt-verksemd lenger.
Konsernet eig også 25 prosent av Coldwater Prawns of Norway-konsernet.
Konsernet hadde ved årsskiftet bokførte eigedeler på 1 milliard kroner og ein bokført eigenkapital på 235 millioner kroner, noko som utgjer ein eigenkapitaldel på nærmare 24 prosent. Konsernet hadde likvider på 45 million kroner ved årsskiftet.
Morselskapet hadde ved årsskiftet ein bokført eigenkapital på 115 millioner, noko som utgjer nærmare 40 prosent.
Olav Remøy og Kristin Remøy eig i overkant av 40 prosent kvar og Beate Remøy Eggesbø eig bortimot 20 prosent.
Konsernet hadde 25 årsverk i fjor.
Konsernet eig 100 prosent av aksjane i Fosnavaag Shipping as, Remøy Havfiske as, Remvakt as, Fosnavaag Wellboat as, samt 70 prosent av aksjane i Fosnavaag Havfiske as.
Verken Remøy Havfiske, Fosnavaag Havfiske eller Fosnavaag Shipping gjekk med overskot i fjor.
Remøy Havfiske-trøbbel
Remøy Havfiske eig og driv M/Tr Remøy (ex. Hopen), som fiskar etter reker og kvitfisk med ombordproduksjon i arktiske farvatn. Fosnavaag Holding kjøpte fartøyet med fiskerettar fra Åge Remøy i okotober i fjor. Fartøyet vart sett i drift og fiska på sine kvotar frå medio oktober i fjor.Les også:
Som kjent vart fartøyet tidlegare i år halde arrestert i 24 dager i Russland på grunn av ein formalfeil fiskeridirektoratet hadde gjort. I forrige veke vart det også kjent at ein russisk domsstol i ei domsslutning ga Remøy Havfiske ei bot på omlag 30 millioner kroner på grunn av denne feilen og meinte det var ulovleg fiske etter reker. Dette meiner advokaten til selskapet og mange andre er uforståeleg og at det dreier seg om eit forhold mellom Norge og Russland.
Les også:
Sjå også relaterte saker.
NETT NO har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Olav Remøy.
Fosnavaag Havfiske fullt beskjeftiga og kystvaktskip ute av kontrakt
Fosnavaag Havfiske as eig og driv M/S Nordsjøbas som driv fiske med pelagisk trål og ringnot og har vore beskjeftiga med det heile året. Selskapet vart etablert i 2015 og trålaren med fiskerettar vart også innkjøpt då. Fosnavaag Holding eig 70 prosent av selskapet.Styret skriv i årsmeldinga er fokuset framover i stor grad vil handle om å drive fartya mest mogleg effektivt, samt at dei vurderer ei fornying/utskifting av M/S Nordsjøbas, som vart bygd i 1996.
Remvakt as eig og driv KV Ålesund, eit farty spesialbygd for kystvaktteneste. Dette skipet er ute av kontrakt og selskapet jobbar no med å selge fartøyet ifølgje årsmeldinga.
I 2015 selde Fosnavaag Wellboat ut brønnbåtane Viktoria Viking, Viktoria Lady og FS Stormy. Dermed har ikkje konsernet involvert i brønnbåt-verksemd lenger.
Konsernet eig også 25 prosent av Coldwater Prawns of Norway-konsernet.
Konsernets balanse
I fjor investerte konsernet over 600 millioner kroner i skip og konsesjonar. Dermed auka dei bankgjelda med 425 millioner kroner.Konsernet hadde ved årsskiftet bokførte eigedeler på 1 milliard kroner og ein bokført eigenkapital på 235 millioner kroner, noko som utgjer ein eigenkapitaldel på nærmare 24 prosent. Konsernet hadde likvider på 45 million kroner ved årsskiftet.
Morselskapet hadde ved årsskiftet ein bokført eigenkapital på 115 millioner, noko som utgjer nærmare 40 prosent.
Olav Remøy og Kristin Remøy eig i overkant av 40 prosent kvar og Beate Remøy Eggesbø eig bortimot 20 prosent.
Konsernet hadde 25 årsverk i fjor.
Publisert: 26.07.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12






