Brisk medvind
AAFK: Forballklubben AaFK er partner i Medvind-prosjektet, her sals- og marknadsleiar Morten Alnes Grunstad og sportsleg leiar Bjørn Erik Melland. Foto: Brisk
Nytt

Unikt samarbeid får ungdom tilbake i jobb

Ungdom som har falle utanfor får prøve seg først som arbeidshjelp hos AaFK.

27.09.2021

- Vi har akkurat no inne ti personar på prosjektet, som vi kallar ‘Medvind’. Fem av desse er alt ute i løna arbeid. Det synst vi er heilt fantastisk.

Det seier Morten Fjelddahl-Jacobsen, konsernleiar for sal og marknad i arbeids- og inkluderingsbedrifta Brisk i Ålesund.

Color Line
Sidan mars har Brisk hatt i gang prosjektet ‘Medvind’, der den enkelte deltakar vert ein del av eit sosialt og fagleg fellesskap saman med andre unge vaksne. I første fase får den enkelte opplæring og arbeidsoppgåver som passar på Color Line i tilknytning til AaFK.

- Dette er unge som av ulike grunnar vart ståande igjen på perrongen då toget gjekk, og som ikkje mottar støtte frå det offentlege.

- På Color Line kan dei få oppdrag som vasking av seter, rydding, trykk på drakter og hjelp ved arrangement, seier Fjelddahl-Jacobsen.

Høge tal
Han opplyser at ein reknar med at det i Ålesund og ein time rundt Ålesund finst rundt 1.500 unge vaksne mellom 18 og 30 år som har falle utanom arbeidslivet og som ikkje er under utdanning eller inne i NAV-systemet.

- Dette kan vere ungdom som har droppa ut av vidaregåande eller som av andre grunnar ikkje har meldt seg arbeidsledig hos NAV.

Bilde 2021 09 24 162522
ÅLESUND: Sparebanken Møre er tungt inne i Medvind-prosjektet, her Linda Strømmen, banksjef Næringsliv i Sparebanken Møre. Foto: Brisk

Fleire under pandemien
Fjelddahl-Jacobsen seier at Brisk gjerne vert tipsa av foreldre, besteforeldre, onklar og tanter om unge vaksne som gjerne sit heime utan å ta utdanning eller å ha fast arbeid.

- Det er den enkelte som avgjer om ein vil delta på prosjektet, og før oppstart tar vi ein grundig prat for å kartleggje behov og mulegheiter, seier Fjelddahl-Jacobsen.

Han seier at koronapandemien har bidratt til at endå fleire føler seg einsame og utanfor, og meiner at det er eit stort behov for eit slikt tiltak, der det ikkje er det offentlege som legg premissane.

- For den enkelte er det uhyre viktig å kome seg ut, få faste arbeidsoppgåver og vite at det er nokon som ventar på deg og har bruk for deg.

- For samfunnet har det i tillegg enorm stor verdi ettersom det samfunnsøkonomisk er ein stor kostnad at mange unge fell utanfor arbeidslivet i lang tid.

Han rosar AaFK for å stille opp.

- Uhyre viktig, og ein nøkkel for å få suksess.

Dette er unge som av ulike grunnar vart ståande igjen på perrongen då toget gjekk
Morten Fjelddahl-Jacobsen
Brisk Henning Sand
BRISK: Brisk har stor tru på prosjekt Medvind, her konsernleiar Fag og Utvikling Heming Sand og Morten Fjelddahl-Jacobsen, konsernleiar for sal og marknad. Foto: Brisk

Bedrifter sponsar
Målet er å ha 24 deltakarar inne i prosjektet samstundes.

- Ja, det vil vere ideelt, og målet er å få flest muleg ut i fast løna arbeid. For å få det til, tar vi kontakt med ulike bedrifter i Ålesund-regionen.

Sparebanken Møre er partnar, og bidreg økonomisk i prosjektet. Men fleire andre private bedrifter er også med som sponsorar, som Coldwater Prawns, Adviso, Contabile, Bertel & Steen og Ålesund Data.

Fjelddahl-Jacobsen seier at det er fleire fotballklubbar, som Rosenborg og Strømsgodset, som er involverte i liknande prosjekt.

- Men ingen har valgt den modellen som vi har valgt. Dette er eit unikt prosjekt, som vi er sikker på vil få mange fleire tilbake i arbeid.

Prosjektet er no i ein prosess der det vert jobba med å få inn fleire brukarar og finansieringspartnarar.

Publisert: 27.09.2021 08:18

Sist oppdatert: 27.09.2021 08:19

Mer om