Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
REKORD: Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli legg for tredje år på rad fram rekord resultat før skatt og tap. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Uroa over låg byggeaktivitet

Ørskog Sparebank merkar at bustadmarknaden har kjølna.

15.03.2024

Styret er uroa over den låge nybyggaktiviteten ein ser ved inngangen til 2024, skriv Ørskog Sparebank i årsrapporten for 2023.

Dei to siste åra ha bustadmarknaden kjølna, og banken skriv at det no er svært avgrensa aktivitet i nybyggingsmarknaden og veldig få bustadar til sals i banken sitt område.

Det påverkar både utlånsaktiviteten, der bustadmarknaden er ein viktig drivar, og utviklinga av Ørskog-samfunnet. Banken reknar med at Ørskog blir eit attraktivt buområde. mellom anna på grunn av bustadprisveksten sentralt i Ålesund. Lite nybygging kan imidlertid presse prisane opp i bustadmarknanden og gjere det meir utfordrande for førstegangskjøparar å etablere seg i Ørskog, etter banken si vurdering.

Banken hadde ein utlånsvekst på 6,6 prosent i 2023. Utlån til privatkundar auka med 5,9 prosent, utlån til næringslivet med 11,4 prosent.

Ørskog Sparerbank auka tapsavsetningane frå 3,3 til 5,5 millionar kroner i fjor. Tapsavsetningane utgjer 0,19 prosent av brutto utlån.

Rentenettoen, skilnaden på renteinntekter og innlånskostnad, auka frpr 2,01 prosent i 2022 til 2,37 prosent i 2023.

Les børsmelding her

"Ørskog Sparebank har for tredje år på rad oppnådd det beste resultatet etter tap og skatt som vi nokon gong har hatt. Dette trass i høge kostnader med å skifte ut heile datasystemet vårt, og høgare tapsavsetnader enn vanleg.", skriv administrerande direktør Eirik Kavli i årsrapporten.

Ørskog Sparebank
Tal i mill. kroner

2023

2022
Inntekt106,890,9
Resultat før tap57,350,7
Resultat før skatt43,736,9

Publisert: 15.03.2024 08:13

Sist oppdatert: 15.03.2024 08:14

Mer om