NPK-NTB-Per-Helge Berg: Noreg eksporterte sjømat for 181,5 milliardar kroner i fjor. Amerikanske tollsatsar førte til eit kraftig fall i eksportveksten til USA i siste halvdel av året.
Med det vart det eksportert norsk sjømat for 6,4 milliardar kroner meir enn i 2024, viser tal frå Noregs sjømatråd. Det svarer til ein auke på 4 prosent.
– 2025 var eit krevjande sjømatår, med lågare kvotar og fangstar til prisrekordar for alle våre viktigaste villfanga artar. Året blir også kjenneteikna av ein kraftig volumvekst for laks. Trass i ein mykje lågare laksepris, vart det eit verdimessig rekordår for norsk sjømateksport, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.
Totalt eksporterte Noreg 2,8 millionar tonn sjømat i 2025.
Imponerande
– Verdirekorden er imponerande i eit år prega av auka uro i verdshandelen. Det seier mykje om den sterke konkurransekrafta til sjømatnæringa internasjonalt, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).
Dei største marknadene for norsk sjømateksport i 2025 var Polen, USA og Kina. For 12. året på rad var Polen størst med 19,1 milliardar kroner, men den totale verdidelen som vi eksporterte til Europa fall likevel frå 67 prosent til 63 prosent.
Kina hadde størst verdivekst med ein auke på 2,9 milliardar kroner, eller 31 prosent. Landet kjøpte norsk sjømat for totalt 12,3 milliardar kroner og gjekk frå sjette til tredje største marknad. Noreg har aldri eksportert meir sjømat til Kina, målt i kroner, enn i fjor.
I fjor gjekk 9 prosent av den norske sjømateksporten til USA, den høgaste andelen sidan 1989. Etter første halvår låg USA an til å for første gong bli vår største sjømatmarknad.
Toll gav fall
Men så kom dei nye tollsatsane som i dag er 15 prosent eller høgare på alle produkt. Etter ein auke på høvesvis 55 og 20 prosent i eksportverdi til USA dei to første kvartala – samanlikna med same periode i fjor – så sokk veksten til 6 prosent i tredje kvartal, og 1 prosent i fjerde.
Norsk sjømateksport har auka med over 100 milliardar kroner på ti år, frå 74,5 milliardar i 2015. Men auken i 2025 er moderat for andre året på rad.
– Sjølv om det i 2025 vart sett ny eksportrekord, er bakteppet langt meir krevjande og dystert enn på same tid i fjor. Den sterke prisveksten på spesielt torsk og makrell har vore utfordrande for landindustrien, meiner Chramer.
Publisert: 06.01.2026 09:40
Sist oppdatert: 06.01.2026 09:40






