Ut for å teste utstyret
Teige-reiarlaget sitt nybygde «flaggskip» snart klart for fiske.
Torsdag stevna Teige Gruppen sin splitter nye Sunny Lady forbi Hareidlandet og inn Breisundet på veg til fiskeprøvetur. Det stadfestar reiar Sigurd Teige til NETT NO.
Den nybygde fiskebåten har vore til kai på Mjølstadneset etter at den kom frå verftet i Tyrkia. Der har dei mellom anna fått om bord vegn og utstyr frå dei lokale bedriftene Egersund Herøy og Fosnot.
På turen Sunny Lady la ut på torsdag, skal dette utstyret bli testa, for å sjekke at alt fungerer som tenkt.
Deretter er planen å sette kursen nordover for å fiske NVG-sild, fortalde Teige til NETT NO tidlegare i veka.
Prislapp på nær 400 millionar
Nybygget som truleg har ein prislapp på nærare 400 milllionar kroner, er ikkje berre ein av dei absolutt største fiskebåtane her til lands.
Det 86,5 meter lange ringnotsnurpar- og trålarfartøyet, er også bygd slik at det kan gjere nytte for seg på ulike måtar.
Fordi båten er sertifisert som lastfartøy i tillegg til fiskeri, gir det mulegheiter for alternativ drift, innan innan offshore, forsking og som reint lastefartøy i periodene utan fiske.
Hybrid framdrift
Om bord er det teke ein rekke grep for redusere forbruk av drivstoff og utslepp av Co2. Prosjektleiar Ole Kristensen hos Teige-reiarlaget, har tidlegare omtala båten som ein hybrid-Toyota til sjøs.
Båten har LNG-framdrift, med ein 350 kubikkmeter stor gasstank, i kombinasjon med diesel og batteri.
Publisert: 01.12.2022 13:17
Sist oppdatert: 01.12.2022 23:17