Nytt
Ute av Gaselle-lista – men framleis i vekst
Trass i at Artec Aqua ikkje er med i kåring av vekstbedrifter, peiker pilane opp også i år. No treng dei fleire nye tilsette.
Marius Rosbach
14.12.2020
Avisa Dagens Næringsliv kårar årleg vekstbedrifter over heile landet. I år kårar dei også regionvinnarar, og måndag blei det kjent at vinnarane i Region Midt er er Skjerneset Fisk frå Averøy.
På plassane bak følgjer Molde-bedriftene Motus Technology og Axbit, ifølgje .
Ålesund-bedrifta Artec Aqua har i årevis vore ein gjengangar på lista, og er mellom 14 bedrifter i landet som har vore med i 9 år. Berre to bedrifter er betre, med ti år på lista.
Fordi omsetninga gjekk ned i 2019 er Artec Aqua ute i år, og administrerande direktør Ingegjerd Eidsvik erkjenner at det er litt surt.
– Vi synes det har vore gøy å vere med, og det gir litt ekstra merksemd og synleggjer for omverda kva selskapa får til. Men det er sjølvsagt lønnsam vekst som er drivaren for oss, påpeiker ho til NETT NO.
Eidsvik treng folk med kompetanse både innan prosjektleiing, totalentreprise, automasjon, ingeniørfag og innkjøp. Med desse på plass vil arbeidsstokken telle 48 tilsette.
Dei gjekk ut med stillingane i helga. Ho fortel at ho sjølv førebels ikkje har merka noko til «trykket», fordi Converto støttar dei i prosessen med rekruttering.
Då NETT NO snakka med Artec Aqua-sjefen i sommar fortalde ho at dei var , enn dei hadde venta.
Mellom anna har dei sikra seg storkontrakt ved Salmon Evolution sitt landbaserte anlegg på Indre Harøy. Til saman sikrar avtalen inntekter for Artec Aqua for ein plass mellom 1,2 og 1,3 milliardar kroner, og er i dei har i ordreboka.
På plassane bak følgjer Molde-bedriftene Motus Technology og Axbit, ifølgje .
Ålesund-bedrifta Artec Aqua har i årevis vore ein gjengangar på lista, og er mellom 14 bedrifter i landet som har vore med i 9 år. Berre to bedrifter er betre, med ti år på lista.
– Har vore gøy
For å bli ei Gaselle – eller vekstbedrift – må omsetninga vere dobla over fire år. I tillegg må ein mellom anna ha unngått fallande omsetning og ha eit samla positivt driftsresultat.Fordi omsetninga gjekk ned i 2019 er Artec Aqua ute i år, og administrerande direktør Ingegjerd Eidsvik erkjenner at det er litt surt.
– Vi synes det har vore gøy å vere med, og det gir litt ekstra merksemd og synleggjer for omverda kva selskapa får til. Men det er sjølvsagt lønnsam vekst som er drivaren for oss, påpeiker ho til NETT NO.
Skal tilsette ti nye
Artec Aqua-direktøren leiar framleis ei bedrift i vekst, og i desse dagar er dei på jakt etter heile ti nye tilsette i Ålesund.Eidsvik treng folk med kompetanse både innan prosjektleiing, totalentreprise, automasjon, ingeniørfag og innkjøp. Med desse på plass vil arbeidsstokken telle 48 tilsette.
Dei gjekk ut med stillingane i helga. Ho fortel at ho sjølv førebels ikkje har merka noko til «trykket», fordi Converto støttar dei i prosessen med rekruttering.
Ny vekst og svarte tal
Eidsvik vil ikkje vere konkret om resultatet for 2020 enno, men kan fortelje at omsetninga går opp samanlikna med 2019. Det blir også pluss i rekneskapen, stadfestar ho.Då NETT NO snakka med Artec Aqua-sjefen i sommar fortalde ho at dei var , enn dei hadde venta.
Mellom anna har dei sikra seg storkontrakt ved Salmon Evolution sitt landbaserte anlegg på Indre Harøy. Til saman sikrar avtalen inntekter for Artec Aqua for ein plass mellom 1,2 og 1,3 milliardar kroner, og er i dei har i ordreboka.
Les også:
Publisert: 14.12.2020 16:26
Sist oppdatert: 26.02.2021 07:54