Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane
OPTIMISME: Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene tilbakefører tildlegare tapsavsetningar fordi næringslivet i Sogn og Fjordane går betre enn banken frykta då koronaepidemien kom i fjor.Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane
Nytt

Utlånsvekst dabbar av

Så langt i år har Sparebanken Sogn og Fjordane lånt ut mindre til næringslivet enn i fjor. Tilfeldige svingingar, trur banken.

29.10.2021

I 2020 auka Sparebanken Sogn og Fjordane utlåna til bedriftskundar med 1,1 milliardar kroner, ein auke på 9,1 prosent samanlikna med 2019.

-Vi hadde ein rekordvekst under pandemien. Store deler av næringslivet hadde planlagde investeringar - som blei gjennomført, seier Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene.

Omlag 90 prosent av utlånsveksten til næringslivet i fjor var ordinære lån, og ikkje kriselån for å hjelpe bedriftene gjennom epidemien.

Les børsmelding her

Ein prosent ned
Kvartalsrapporten for 3. kvartal 2021 viser at utlån til bedriftsmarknaden er redusert med ein prosent i siste 12-månaders periode, samanlikna med førrre 12-månadersperiode.

Noko av nedgangen skuldast avslutning av nokre større engasjement, men også korrigert for det er det ein nedgang i låneopptaka frå næringslivet i år samanlikna med førre 12-månadersperiode.

Til samanlikning hadde Sparebanken Møre ein utlånsvekst til næringslivet på 10,3 prosent i siste 12-månadersperiode.

God stemning
Det er for kort tid til å konkludere om mangelen på utlånsvekst er noko anna enn eit resultat tilfeldige svingingar, etter Teigene si vurdering.

Sparebanken Sogn og Fjordane har seks av 10 aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kunde og Teigene seier tilbakemeldingane frå kundane er at det går godt, sjølv om det ikkje er utlånsvekst.

Den positive vurderinga viser seg og i at banken har tilbakeført 37 millionar kroner av tapsavsetningar som vart gjort då koronaepidemien kom i fjor. Konsekvensane ble langt mildare enn banken hadde sett frykta.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner

20212020
Inntekt919863
Resultat før tap559513
Resultat før skatt596401

Sparebanken Sogn og Fjordane

3. kvartal. I mill. kroner20212020
Inntekt309264
Resultat før tap192149
Resultat før skatt229124

Publisert: 29.10.2021 14:16

Sist oppdatert: 05.11.2021 09:38

Mer om