Utset nye trafikklys for havbruksnaeringa
 UTSETT: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) under besøk på Norsk Sjømat på Stranda.
Nytt

Utset nye trafikklys for havbruksnæringa

Fiskeriministeren vil ta i bruk alle fargane når det nye systemet blir presentert tidleg på nyåret. 

20.12.2019
(NPK-NTB): Trafikklysa som skal regulere produksjonen i oppdrettsnæringa kjem ikkje før over nyttår. – Dette er ein stor og viktig avgjerd, seier fiskeriministeren.
Trafikklyssystemet inneber at landet blir delt inn i 13 fargelagde område. Fargen blir frå sett ut korleis lakselusa påverkar villaksen i området, og avgjer om oppdrettarane i området får lov til å auke produksjonskapasiteten for laks, eller om den må reduserast.
Fiskeoppdrettarar langs kysten har venta spent på kva sone dei hamnar i. Tidlegare i desember sa kommunikasjonssjef for fiskeri- og sjømatministeren, Martine Røiseland, til Intrafish at det ville bli lagt fram før nyttår. No er det altså utsett.
– Fargelegginga for dei neste to åra vil bli presenterte tidleg på nyåret, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik (Frp) i ei pressemelding.
Nesvik har tidlegare varsla at han vil ta i bruk alle fargane i systemet. Det betyr at anlegga i raudt produksjonsområde for første gong vil få redusert grensa for biomasse, viss dei ikkje får dispensasjon.
– Vi jobbar med å fargelegge kysten og å ta dei avgjerdene som blir kravde for å gjennomføre konsekvensane av fargelegginga. Dette er ein stor og viktig avgjerd som kan ha tyding for verdiskaping og arbeidsplassar, men også for villaksen. Vi må vere sikre på at vi gjer dei riktige grepa, seier Nesvik.
(©NPK)

Publisert: 20.12.2019 08:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48