Aurstadrettsak 1 dag fv Bjørn Sverre Grenager Bård Thorsen økokrim Vegard Aaløkken Jan Erik Teigum forsvararar foto Ogne
VIL HA NY BEHANDLING: Forsvarar Vegard Aaløkken (nummer to frå høgre) og forsvarar Jan Erik Teigum (t.h.) vil ha straffesak for sin klient Cato Aurstad opp i lagmannsretten. Til høgre økokrimetterforskar Bjørn Sverre Grenager og aktor Bård Thorsen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utsett ankesak for Aurstad

Høgsterett har utsett handsaminga av Cato Aurstad si anke.

14.10.2021

Cato Aurstad vart i mai i år dømt til eitt år og ni månaders fengsel i Søre Sunnmøre Tingrett for sine handlingar i samband med sal av maskiner og utstyr til eit søsterselskap før konkursen i entreprenørselskapet K A Aurstad i 2018.

Dommen vart anka, men ankeutvalet i Frostating Lagmannsrett avviste å ta saka opp til ny behandling i lagmannsretten.

Ankeutvalet konkluderte i sitt vedtak med at korkje lovanvendelsen eller bevisvurderinga i tingretten er feil, og også med at heller ikkje anken over straffeutmålinga vil føre fram.

Anka til Høgsterett
Avgjerda om å avvise anken vart anka til Høgsterett.

8. oktober i år avgjorde Høgsterett at Aurstad si anke må vente til Høgsterett har avgjort ei anna sak, der den domfelte i ei straffesak også vart nekta å få anka si opp til ny behandling i lagmannsretten.

Grunnen til utsetjinga er at avgjerda i den andre saka kan få innverknad på avgjerda i Aurstad si sak, ifølgje avgjerda i Høgsterett sitt ankeutval.

Sal av maskinparken
Utgangspunktet for straffesaka mot Aurstad er salet av maskinparken frå entreprenørselskapet K.A. Aurstad i oktober 2018 til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige, omlag to månadar før det blei opna konkurs i K.A.Aurstad. Målet, i følgje Aurstad si forklaring i retten, var å tilføre K.A.Aurstad likviditet slik at selskapet kunne klare seg gjennom krisa det var i.

Økokrim meinte salet vart gjort til langt under marknadspris, til ugunst for kreditorane, og at Cato Aurstad både hadde ansvaret og var klar over underprisen.

Publisert: 14.10.2021 16:30

Sist oppdatert: 14.10.2021 15:55

Mer om