Utval vil ha turistskatt
Utlendingar må betale for å besøke Noreg, meiner regjeringsutval.
NPK-NTB: Utgreiinga frå reiselivsutvalet til regjeringa tilrår ei ordning med eit såkalla nasjonalt besøksbidrag. Det skal krevjast inn via ulike transportformer inn til eller ut frå landet.
Retningslinjene for finansiering bør fastsetjast nasjonalt, men må vere enkle, ubyråkratiske og gi stort handlingsrom for å finne langsiktige lokale løysingar på fellesgodeutfordringar, slår utgreiinga fast.
Pengar til fylka
– Vi meiner at dei som besøkjer Noreg, skal vere med å ta vare på natur- og kulturgoda som dei har glede av. Utvalet tilrår at det blir eit nasjonalt besøksbidrag innført som skal forvaltast regionalt og lokalt. Det er viktig at ei ordning med besøksbidrag sikrar fellesgodefinansiering over heile landet, og ikkje berre i pressområda, seier utvalsleiar Trine Skei Grande (V).
Inntektene må fordelast mellom fylkeskommunane, som behandlar søknader om midlar til fellesgodetiltak. Korleis midlane skal brukast, må styrast lokalt, meiner den offentlege utgreiinga.
Publisert: 30.03.2023 11:47
Sist oppdatert: 30.03.2023 11:47