Anette bonnevie wollebæk haramskonferansen skjermfoto 11
LEIAR KONFERANSEN: Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime leiar årets konferanse i Brattvåg Skjermfoto:
Nytt

Følg Haramskonferansen

Statsministeren, toppsjefen i Kongsberg Maritime og prosjektleiaren for Nordøyvegen mellom dei som kjem. Sjå konferansen direkte.

14.02.2022

Haramskonferansen, som mellom anna får besøk av statsminister Jonas Gahr Støre, blir arrangert tysdag i Brattvåg.

Opphevinga av smitteverntiltaka gjer at konferansen utvidar kor mange som kan delta med 20, til 190.

I tillegg til at fleire kan delta fysisk opnar konferansen også opp overføringa av konferansen på nett, slik at overføringa blir gratis og kan følgjast av alle.

Klikk her for å koble deg på sendinga (passord: Haramskonferansen2022)

Tema for årets konferanse er "grøn verdiskaping". Gahr Støre, Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik og tidlegare Equinor-sjef Eldar Sætre skal delta i ein panelsamtale om temaet, i tillegg til å halde eigne innlegg.

Mellom dei andre innleiarane på konferansen er Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal, konsernsjef Ståle Rød i Skanska, prosjektsjef for Nordøyvegen Marianne Nærø, og leiar for Kongsberg Maritime, Egil Haugsdal. Ålesund-ordføraren innleiar programmet klokka 9.45.

Sjå program (ekstern lenke)

Publisert: 14.02.2022 09:38

Sist oppdatert: 15.02.2022 09:54

Mer om