Atlantic Sapphire og MMC First Process
STØRRE OPPDRAG: Frå venstre Lars Christian Vik frå Atlantic Sapphire, Petter Leon Fauske, Leif Gjelseth, Asbjørn Tråseth, Børre Waagan og Frank Edvard Vike fra MMC First Process og Atlantic Sapphire-sjef Johan E. Andreassen. Foto: MMC First Process
Nytt

Utvidar MMC First Process-kontrakt

Skal levere meir til Atlantic Sapphire-anlegg i Florida.

10.05.2022

Under oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim i august 2021 kunngjorde MMC First Process og Atlantic Sapphire ein avtale om at MMC First Process skal levere eit komplett system for fiskehandtering til Atlantic Sapphire sitt oppdrettsanlegg i Florida.

No melder selskapa i ei felles pressemelding at kontrakten er utvida. No skal MMC First Process levere heile systemet for fiskehandtering til Atlantic Sapphire sitt landbaserte oppdrettsanlegget ved Miami i Florida.

Kor stor kontrakten er i kroner er ikkje opplyst, korkje då avtalen blei offentleggjort i fjor, eller når den er utvida no.

Atlantic Sapphire sitt anlegg ved Miami har kapasitet til å produsere 10.000 tonn laks i året. Andre byggesteg utvidar kapasiteten til 25.000 tonn.

Publisert: 10.05.2022 09:00

Sist oppdatert: 10.05.2022 08:45