Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
FLORIDA: Bilde viser Atlantic Sapphire sitt anlegg i Florida hvor produksjonen skal dobles i løpet av de neste par åra. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Kapra ny avtale på landbasert oppdrett

MMC First Process med storordre på Atlantic Sapphire sitt anlegg i Florida.

Onsdag blei det kjent at MMC First Process har sikra seg ein avtale om å levere eit komplett system for fiskehandtering til Atlantic Sapphire sitt oppdrettsanlegg i Florida.

Det opplyser selskapa i ei pressemelding som blei sendt ut samtidig som dei held ei pressekonferanse på Aqua Nor-messa i Trondheim.

Skal produsere 25.000 tonn årleg
Atlantic Sapphire som har hovudkontor i Vestnes, driv oppdrett av laks i Florida, USA og i Danmark.

Det er i USA hovudsatsinga skjer, og neste utbygging av anlegget er omtala som «Bluehouse Phase 2». Atlantic Sapphire har tidlegare opplyst at dei vil produsere 25.000 tonn laks årleg ved anlegget når det er ferdig utbygd.

Verdien på kontrakta for MMC, blir ikkje opplyst, men det er openbert ein avtale av stort omfang.

MMC First Process-sjefen om avtalen: – Ein veldig betydeleg ordre

(saka held fram under)

Petter Leon Fauske Aqua Nor 2021 foto Ogne
NY KONTRAKT: MMC First Process-sjef Petter Leon Fauske kan glede seg over nok ein kontrakt på utstyr til landbasert oppdrett. Foto: Ogne Øyehaug

Nyleg Salmon Evolution-avtale
Atlantic Sapphire-sjef Johan E. Andreassen fortel i pressemeldinga at MMC First Process blei valt grunna deira strenge krav til skånsam handtering av fisken og fordi dei treng ei effektiv system i produksjonen.

MMC First Process har tidlegare vekse mykje på levering av utstyr til brønnbåtar.

Avtalen med Attlantic Sapphire er den andre avtalen på kort tid dei sikrar seg på landbasert oppdrett. Den første var med Salmon Evolution sitt anlegg i Hustadvika kommune.

Utviklingsarbeid bak teknologien
Det ligg eit solid utviklingsarbeid bak teknologien som no skal leverast til Atlantic Sapphire. MMC First Process har gjennom forsøk og kommersielle installasjonar dokumentert at fiskevelferda blir svært godt teke i vare med denne teknologien, opplyser selskapet.

Børre Haanes Waagan som leiar salsarbeidet i MMC på landbaserte anlegg, fortel at det er viktig at heile fisken er i vatn når den blir handtert. Dette skjer mellom anna ved hjelp av ny pumpe-teknologi.

Publisert: 25.08.2021 14:36

Sist oppdatert: 30.08.2021 10:23

Mer om