Arild Hjelmelandm foto Inviro
COMEBACK: Rekrutteringsarrangementet Nordjordtreffet vart sist arrangert i 2018. I påska 2022 gjer arrangementet comeback, som eit rekrutteringsarrangement for heile fjorden. Målet er å få representasjon frå alle Nordfjordkommunane, sier Arild Hjelmeland i prosjektgruppa bak arrangementet. Foto INviro
Nytt

Utvidar Nordfjordtreffet

Blir rekrutteringsarrangement for heile fjorden.

21.12.2021

Nordfjordtreffet gjenoppstår etter fire år i dvale.

Rekrutteringsarrangementet på Nordfjordeid samla bedrifter og potensielle arbeidstakarar ein dag i påskeveka. Arrangementet i Påsketreffet 2018 var det ellevte og førebels siste i rekka.

Den gangen var det eit arrangement i hovudsak retta mot Nordfjord kommune, men med ambisjonar om å utvide.

Den utvidinga kjem no.

Heile fjorden
NordfjordTreffet 2022 skal arrangerast på Nordfjordeid 12. april, tysdag i påskeveka.

Deretter skal arrangementet rullere mellom Nordfjordkommunane; Stryn, Kinn, Gloppen, Bremanger og Stad.

- Påsketreffet vart tidlegare berre arrangert på Nordfjordeid. På dei tidlegare treffa har vi hatt nokre bedrifter og organisasjonar frå andre kommunar i Nordfjord, men vi håpar at bedrifter frå heile regionen melder seg på NordfjordTreffet, og at uavhengig av kvar ein arrangerer rekrutteringstreffet dei komande åra, så vil det være god representasjon frå alle kommunane, seier Arild Hjelmeland i prosjektgruppa som skal arrangere treffet.

Treng folk
Undersøkingar frå Nordfjordakademiet blant allereie etablert næringsliv i Nordfjord viser at det i løpet av dei neste tre åra er behov for mellom 700-1700 nye tilsette.

Poenget med Nordfjordtreffet er mellom anna å hjelpe næringslivet å finne dei folka som vil fylle desse jobbane.

Publisert: 21.12.2021 10:00

Sist oppdatert: 21.12.2021 09:58