Straum kraft foto Alf Ove Hansen NTB NPK
REKORD: Aldri før har Norge eksportert meir kraft til utlandet. Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen, NTB, Scanpix
Nytt

Nytt hopp i straumprisen

Kraftprisane stig samstundes som Norge set eksportrekord av straum til utlandet.

06.08.2021

- Vi som bur her i nordvest har hatt ein tørr sommar. Både juni og spesielt juli har vore langt tørrare enn normalen. Men for Noreg under eitt har det likevel vore normalnedbør for desse to sommarmånadene.

Det skriv kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi i månadsrapporten for juli, og viser til at juli-nedbøren har vore 105 prosent av normalen.

Spotprisen i nordvest var i juli på 47,4 øre kWh, opp frå 35,7 øre/kWh månaden før.

No er det meldt varmt og tørt ver i august.

- Med lite tilsig og periodar med lite vind må magasinverka tappe og produsere, og magasinvatn vert prisa til vinterpris, skriv Havåg.

Ventar på North-stream 2
Han opplyser at prisoppgangen skuldast høgare kraft- og brensleprisar i Europa.

- Normalt importerer vi billeg kraft attende om natta, men no gir dei høge tyske prisane eksport heile døgnet. Dette gir stor produksjon i Norden og dermed ei svekka hydrologisk balanse. Eksporten i juli var heile 2,3 TWh, som er mykje på berre ein månad.

Havåg viser til at gjennom månaden har det vore stor prisoppgang for kol og gass. Prisane på klimakvotar er framleis på eit historisk høgt nivå, men har ikkje auka ytterlegare gjennom månaden.

- Gassmarknaden er pressa med svak lagerfylling. Europa treng å refylle, men må konkurrere med ein opprisa asiatisk marknad. På litt sikt kan dette biletet verte noko moderert når den russiske gassrøyrleidninga, North-stream 2, til Tyskland kjem i drift.

Krafteksport for fem milliardar
I første halvår av 2021 selde Noreg straum til utlandet for over 5 milliardar kroner. Krafthandelen med utlandet sette dermed rekord, rekna i kroner.

Nettoeksporten av kraft var på 3,3 milliardar kroner. Det er ein tredel meir enn den førre rekorden for første halvår frå 2012, skriv E24.

Statistikken for utanrikshandelen viser at Noreg i første halvår selde kraft til utlandet for 5,1 milliardar kroner og kjøpte for 1,8 milliardar kroner.

Lønsamt å selje
Statnett eig og driv Noregs kraftsamband til utlandet. Konserndirektør Gunnar Løvås forklarer dei høge eksportinntektene med at prisane i marknadene rundt oss har vore høgare enn vanleg over ein periode.

– Dette kjem av ein kombinasjon av låg produksjon av vindkraft, auka prisar på kol og gass og høge prisar på utsleppskvotar som kraftprodusentane på kontinentet må kjøpe, seier han.

I sum har det gitt høge kraftprisar i utlandet.

– Dermed blir det lønnsamt for Noreg å selje kraft til utlandet. Talet for eksportinntektene i første halvår reflekterer dette, seier Løvås.

Publisert: 06.08.2021 16:08

Sist oppdatert: 06.08.2021 16:13

Mer om