Uvisse i marknaden
Fleire store kontraktar som Hav Group konkurrerer om, blir avgjort dei neste månadane.
Hav Group held fast ved målet om at selskapet skal nå 1,3 milliardar kroner i årlege driftsinntekter i 2025 og meiner dei langsiktige utsiktene er gode.
På kort sikt er marknaden imidlertid prega av generelle uvisse og utsette prosjekt, skriv selskapet i ei børsmelding i samband med offentleggjering av kvartalsrapporten for 3. kvartal.
Kontaktsavklaringar i vente
Fleire viktige anbod selskapet har levert vil bli avklart i løpet av dei neste månadane, og utfallet vil vere viktig for kapasitetsutnytting i 2020, ifølgje børsmeldinga.
Hav Group blei børsnotert i mars i fjor, etter at det var skild ut frå dåverande Havyard Group.
Selskapet omfattar fire datterselskap Hav Hydrogen (lagar løysingar for bruk av hydrogen som energiberar om bord i skip) , Hav Design (skip- og utstyrsdesign), Norwegian Electric System (energikontroll- og engerigstyresystem for skip) og Norwegian Greentech (system for handtering av ballastvatn).
Før børsopning i dag er aksjekursen i dag 11,36 kroner, som verdset selskapet til 398 millionar kroner. Då selskapet blei børsnotert i mars 2021 var kursen 15,50. Toppnoteringa for aksjen er frå 21. mars i år, med 17,80 kroner aksjen. Botnnoteringa er frå 28. oktober i år, med 9,43 kroner aksjen.
Sævik-familiens holdingselskap Havila Holding eig 25 prosent av aksjane og er største eigar.
Hav Group ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 495,3 | 692,3 |
Driftsresultat | 22,7 | 66,8 |
Resultat før skatt | 22,3 | 66,7 |
Hav Group ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 136,6 | 80,6 |
Driftsresultat | 0,8 | 10,8 |
Resultat før skatt | 0,9 | 10,6 |
Publisert: 30.11.2022 07:33
Sist oppdatert: 30.11.2022 08:03