Det nye fartøyet er eit tankskip utvikla og bygd for frakt av kjemikaliar, olje og oljeprodukt for nærskipsfart. Fartøyet kom til Vigra for vel ei veke sidan, og blir no gjort klart for oppdrag, opplyser selskapet i ei pressemelding.
Båten er ein IMO 2 kjemikalietankar (TCOP) på 780 dødvekttonn, og med lastekapasitet på 810 kubikkmeter. Båten er 44,90 meter lang og 10.20 meter brei.
Båten er bygd for høge miljøkrav med dobbelt botn/dobbelt skrog, den har dobbelt propulsionsanlegg og baugthruster som gir god manøvrering. Det vert også opplyst at båten har eit effektivt pumpeanlegg for sikre laste- og losseoperasjonar for fartøyets åtte lastetankar.
- Politisk fokus på berekraftig nærskipsfart, kombinert med ein veksande marknad og selskapets kompetanse på frakt av flytande last, gir grunnlag for vekst og då også denne kontrahering, seier Steinar Uggedal, eigar og leiar for verksemda.
Han opplyser i pressemeldinga at det er stor interesse for båten i marknaden, men selskapet har ikkje inngått fraktkontrakt på den endå.
- Vi trur nok den kjem til å bli ein god tilvekst til vår verksemd, og gi grunnlag for fleire.
- No gler vi oss til dåp på Skansekaia på fredag, seier Uggedal.
I tillegg til nyebåten Øytank, har selskapet båten Bunkersservice, som driver med bunkringstenester, samt Hedda, som transporterer levandefisk.
Øytank Shipping vert drive frå Ytterlandshavna på Valderøya og har sin eigen servicebase for skipa på Roald på Vigra.
Båten er ein IMO 2 kjemikalietankar (TCOP) på 780 dødvekttonn, og med lastekapasitet på 810 kubikkmeter. Båten er 44,90 meter lang og 10.20 meter brei.
Dobbel botn og skrog
Øytank Shipping opplyser at fartøyet har effektive skroglinjer og med to motorar som gir 746 kW gjer den 10,2 knops fart.Båten er bygd for høge miljøkrav med dobbelt botn/dobbelt skrog, den har dobbelt propulsionsanlegg og baugthruster som gir god manøvrering. Det vert også opplyst at båten har eit effektivt pumpeanlegg for sikre laste- og losseoperasjonar for fartøyets åtte lastetankar.
Jaktar kontrakt
Fartøyet er eigd saman med Shipsinvest i Ulsteinvik.- Politisk fokus på berekraftig nærskipsfart, kombinert med ein veksande marknad og selskapets kompetanse på frakt av flytande last, gir grunnlag for vekst og då også denne kontrahering, seier Steinar Uggedal, eigar og leiar for verksemda.
Han opplyser i pressemeldinga at det er stor interesse for båten i marknaden, men selskapet har ikkje inngått fraktkontrakt på den endå.
- Vi trur nok den kjem til å bli ein god tilvekst til vår verksemd, og gi grunnlag for fleire.
- No gler vi oss til dåp på Skansekaia på fredag, seier Uggedal.
Oppkjøp i 2002
Han kjøpte rederiet i 2002 og han eig 100 prosent av aksjane i selskapet.I tillegg til nyebåten Øytank, har selskapet båten Bunkersservice, som driver med bunkringstenester, samt Hedda, som transporterer levandefisk.
Øytank Shipping vert drive frå Ytterlandshavna på Valderøya og har sin eigen servicebase for skipa på Roald på Vigra.
Publisert: 26.06.2019 09:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36