20220710 163359
TØFFE ÅR: 2023 var dårleg og 2024 vart verre for lønsemda til vindusprodusenten Nordvestvinduet på Almienning aust for Måløy. Først i februar/mars i år byrja markndane å ta seg opp. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Valutaproblem for Nordvestvinduet

Misser tilsette på grunn av svak krone.

27.05.2025

Nordvestvinduet ved fjorden aust for Måløy har omlag 15 prosent av arbeidsstokken frå andre land, mellom anna frå Polen og Baltikum. 

For omlag eit halvt år sidan byrja fleire av dei å seie opp, og reise til heimlanda sine, fortel dagleg leiar  og medeigar Arve Martin Almenning. 

Årsaka er utvikling i kronekursen. Veksla om til heimleg valuta sit tilsette frå Polen og Baltikum no att med eig relativt lågare løn enn dei gjorde før. Då er heimlandet, eller andre land i Eurioa med ein gunstigare kronekurs meir attraktivte enn Noreg. 

No er det i aukande grad arbeidstakarar frå Ukraina som den familieeigde vindusprodusenten rekrutterer av utanlandsk arbeidskraft, ifølgje Almenning.

Labre år i byggemarknaden
I oktober/november 2022 byrja Nordvestvinduet å merke den komande nedturen i byggebransjen, både frå private, entreprenørar og det offenlege. Færre nybygg og rehabliterings betyr også færre nye vindu. 

I 2023 vart det verre - og i 2024 enda verre, sier Almenning. 

Marginane vart meir og meir pressa, og sjølv om inntektene steig frå 2023 til 2024, gjekk lønsemda ned og Nordvestvinduet gjekk med underskot (sjå tabell under).

Først i februar/mars i år byrja marknaden å snu. Først i rehabiliteringsmarknaden, deretter også i nybyggingsmarknaden. 

Nordvestvinduet AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt137,1124,9
Driftsresultat-0,71,1
Resulta før skatt-0,91,1

TIlset folk - manglar lærlingar
No har Almenning byrja å tilsette folk igjen - både for å erstatte dei som sluttar - men óg for å ta unna auka oppdragsmengde.

Medan byggebransjen har hatt nokre tøffe år, har det gått bra med store deler av industrien. Det har gjort det tøffare å rekruttere nye lærlingar, som har sett seg om etter andre yrke når det blei mindre å gjere i byggebransjen om Nordvestvinduet er ein del av.

Almenning seier Nordvestvinduet for få år sidan hadde sju-åtte lærlingar. No får selskapet ikkje lenger tak i så mange. 

Publisert: 27.05.2025 11:23

Sist oppdatert: 27.05.2025 11:44

Mer om