Vanskeleg for verfta aa finansiere nye skip
HAREID: Verftssjef Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft var mellom næringslivsleiarane som møtte Siv Jensen og Sylvi Listhaug (innfelt) på Hareid før helga. 
Nytt

Vanskeleg for verfta å finansiere nye skip

Frp vil lette på koronarekninga, men verftsleiar ønsker hjelp med finansieringa.

Marius Rosbach
31.08.2020

Då Frp-toppane Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale før helga møtte leiarar og tillitsvalte frå den maritime klynga, kom Myklebust Verft-sjef Inge-Jonny Hide med ei bøn om hjelp til finansiering for å sørge for at det blir bygd fleire båtar ved verfta langs kysten.

Norske verft har for tida dei tynnaste ordrebøkene på fleire tiår, og ønska frå den maritime bransjen har i stor grad dreia seg om krisehjelp som kan skape ny aktivitet.

– Vi ønsker at staten nytter GIEK som eit instrument til å hjelpe verfta, seier han.

Verfta svekka etter oljenedturen

Når det skal byggjast nye skip, er gjerne bankane med og finansierar 80 prosent. Dei resterande 20 prosentane må verftet sørge for.

Men etter tøffe år i den maritime industrien, har dei fleste verfta svekka eigenkapital og «stangar fort i taket», som verftssjefen seier.

– Det er fint at GIEK hjelper reiarlaga og avlastar bankane, men vi hadde ønska at dei også kunne kome inn og hjelpt verfta med å avlaste delar av den siste 20-prosenten. Så er det vårt ansvar å sørge for at prosjekta er lønnsame, legg Hide til.

Oppdrag gjekk til konkurrent

Myklebust Verft kjempa nyleg om eit nybyggingsoppdrag for fiskeri, som gjekk til ein utanlandsk konkurrent. Hide kan ikkje sjå vekk frå at det andre verftet droppa prisen, men usikkerheit kring finansiering spelte klart inn.

–Når eit reiarlag skal handle varer til ein halv milliard med eit lite norsk verft, så lurer dei på om det er trygt for pengane deira. Eg trur det er fleire verft som er i same situasjon som oss, fortel Hide.

Tidlegare var forsikringsbransjen inne og tok den biten, men slik er det ikkje lengre.

– Vi jobbar også med ei prosjekt no, der desse spørsmåla er heilt sentrale, legg han til.

Vil bygge minesveiparar

Frp-toppane ville ikkje seie konkret kva av innspela frå næringslivsleiarane dei ville gå inn for i dei komande forhandlingane med regjeringa, men understreka at det var fleire gode.

Sylvi Listhaug påpeika likevel til NETT NO at Frp ville ha inn bygging av opptil fem minesveiparar allereie i revidert budsjett i vår.

Ifølgje Kongsberg Maritime kan eit slikt prosjekt langs kysten.

Kan kutte karantenekostnader

I staden vil Siv Jensen og Sylvi Listhaug legge fram eit representantforslag når Stortinget samlast i haust. Der kjem dei med tre krav:

  • Ein plan frå regjeringa for obligatorisk testing for covid-19 ved innreise til Norge.
  • Ein plan for korleis ein skal sikre auka testkapasitet i heile landet.
  • At personar som har testa negativ for Covid-19 i to testar, får fritak frå karanteneplikt.


– For kvar dag vi kan redusere karantenetida, så er det snakk om store beløp for tusenvis av bedrifter i heile landet, sier Siv Jensen.

Millionutgifter kvar veke

Frp peiker på at mange bedrifter har hatt store utfordringar med å få hjula til å gå rundt under koronapandemien. Både verft og reiarlag har vore mellom dei som har hatt mange tilsette i karantene sidan smitteverntiltaka blei sett i verk

– Vard fortalde tidlegare i år at dei hadde utgifter på åtte millionar kroner i veka på grunn av karantene og smitteverntiltak. Det er enorme summar. I tillegg blir skipa leveringsklare seinare enn kontraktane seier. Dette kan iallfall bidra til å få ned kostnadane deira, seier Listhaug.

NETT NO spurde Frp-toppane om det var aktuelt å dekka deler, eller alle utgiftene bedrifter har til smitteverntiltak:

– Eg meiner vi må sjå på kva behovet er i den situasjonen vi står i, og kva for tiltak som er mest effektivt. Så får vi sjå kva regjeringa kjem med i den neste krisepakka dei har varsla. Men ein ting er heilt sikkert; at vi kjem til å vere svært opptekne av maritim næring når vi kjem til desse forhandlingane, seier Listhaug.

Frp har ikkje sett noko tal på dagar for karantene, og meiner det må gjerast ei medisinsk vurdering kring dette før ein plan blir sett i verk.

Støtte frå rederiforbundet

Næringspolitisk direktør Amund Drønen Ringdal i Norges Rederiforbund har stor sansen for å innføre obligatorisk testing ved inreise til landet.

– Vi håpar at Frp får støtte til dette her, fordi vi må bu oss på at dette er ein situasjon som kjem til å halde i ein lang periode, også om ein skulle finne ei vaksine. Om vi til eksempel får halvert karantenetida, så hadde du fått gjort veldig mykje med kostnadane, seier han.

I forslaget tek Frp-representantane opp arbeidet i reiselivsnæringa og skipstrafikken, om ein «clean-ship-model» der ein kan krevje ein negativ koronatest før ein får lov til å gå om bord i eit cruiseskip.

Publisert: 31.08.2020 11:00

Sist oppdatert: 02.04.2021 13:21