Vard av boers
SLUTT PÅ BODET: I det bodfristen gjekk ut i dag manglar Fincantieri berre 4,01 prosent av aksjane i Vard. Fincantieri har gitt Vard drahjelp inn i cruisemarknaden og vil gjere Vard til eit heileigd datterselskap.
Nytt

Vard av børs

Vard blir stroke frå notering på Singapore-børsen 2. november.

15.10.2018
I det fristen for å takke ja til bodet frå Fincantieri gjekk ut i dag hadde Fincantieri fått kontroll over 95,99 prosent av aksjane i Vard.

Fincantieri baud 0,25 singapore-dollar pr. aksje, noko som verdset Vard til 1,7 milliardar kroner.
Det første bodet frå Fincantieri kom i november 2016.
Målet er å gjere Vard til eit heileigd datterselskap i Fincantieri.
Frå og med i dag er ikkje bodet frå Fincantieri lenger gjeldande, men minoritetseigarane kan framleis får seld sine aksjar til 0,25 singaporedollar pr. aksje i og med at Fincantieri no eig over 90 prosent av aksjane i Vard. Den fristen gjeld til 7. desember i år.
Fincantieri har førebels ikke varsla om selskapet vil tvangsutløyse dei Vard-aksjonærane som ikkje vil selje.

Publisert: 15.10.2018 22:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26