Vard Brattvaag skal byggje trålar
Viktig å støtte norsk skipbyggingsindustri, seier styreleiaren i Nergård Havfiske etter å ha bestilt tredje trålar frå Vard.
Kontraktsverdien er på 500 millionar kroner, opplyser Vard i ei pressemelding.
Fartøyet er av Vard 8 02 design, og er tredje trålaren Tromsø-selskapet Nergård Havfiske har bestilt hos Vard i løpet av dei siste fire åra.
Det første fartøyet Senja vart levert til Nergård Havfiske i 2020, den andre er under ferdigstilling ved Vard Brattvaag, og den som no er signert kontrakt på skal leverast frå same verft i fjerde kvartal 2023.
Mykje Vard-utstyr
Det nye fartøyet vert 80 meter langt og 17 meter breidt.
Det skal utstyrast med Vard sitt fiskehandteringssystem, blant anna med ein tank for å ha levande fisk inntil prosessering.
Vard skal levere mykje utstyr, inkludert sin SeaQ-pakke med bruløysing, framdriftsløying og automasjonsløysingar.
Seaonics skal levere kraner og vinsjar.
Skroget skal byggjast ved Vard-verftet i Braila i Romania, men ferdiggjerast i Brattvåg.
Etter planen skal trålaren overleverast i fjerde kvartal 2023.
Ville satse norsk
I pressemeldinga understrekar styreleiar Tommy Torvanger i Nergård Havfisken at det er viktig å støtte norsk skipsbyggingsindustri.
- Fokuset på å oppretthalde lokal aktivitet i den maritime klynga og støtte norsk skipsbyggingsindustri har vore ein av ambisjonane når vi kjem tilbake til Vard for tredje gang for å byggje ein avansert trålar.
Han seier at fartøyet er utvikla i nært samarbeid med Vard.
- Vårt tette samarbeid med Vard og alle underleverandørar som har vore involverte viser styrken i lokal dedikasjon og norsk skipsbyggingstradisjon.
Publisert: 14.01.2022 13:21
Sist oppdatert: 14.01.2022 14:26