Nytt
Vard delt mellom to Fincantieri-einingar
Etter at Fincantieri fekk full kontroll og Vard blei stroke frå notering frå Singaporebørsen i fjor haust har Fincantieri fullført planen om å innlemme Vard fullt og heilt i Fincantieri.
25.02.2019
Det kjem fram av pressmeldinga i samband med at Fincantieri legg fram resultatet for 2018 i dag.
Det italienske verftkonsernet førte ein tålmodig kamp for å gjere Vard om til eit heileigd datterselskap, og var i november 2018 kome opp i 97,22 prosent eigarskap - noko som sikra kontrollen Fincantieri ville ha.
Då bodet kom i november 2017 eigde Fincantieri 55,63 prosent av aksjane.
Bodet verdsette Vard til cirka 1,7 milliardar kroner.
Fincantieri og Vard svarte på kollapsen i marknaden for bygging av offshorebåtar med å styrke driftssamarbeidet. Det samarbeidet har vore med på å gjere Vard om frå ein einsidig byggjar av offshorefarty til å levere fiskebåtar, cruise og transportfarty - samt å få ein fot innanfor oppdrettsnæringa.
"Vard cruise business unit" skal høyre heime i Fincantieri-forretningsområdet Skipsbygging, som er det største forretningsområdet i Fincantieri.
Dei andre verfta og prosjektleiinga for offshorefarty, spesialfarty (f.eks.fiskebåtar) og kystvaktfartya blir lagt inn under "Vard offshore & specialized vessel business unit", som blir ein del av offshore og spesialfarty-forretningsområdet.
Forretningsområde Skipsbygging hadde 4678 millioner Euro i driftsinntekter og eit resultat før av- og nedskrivingar på 395 millionar Euro. Tilsvarande tal for 2017 var 4267 og 270 millionar Euro.
Fincantieri signerte 27 skipsbyggingskontrakter for til saman 8,6 milliardar kroner i fjor og har ei ordrereserve på 33,8 milliardar Euro,
Det italienske verftkonsernet førte ein tålmodig kamp for å gjere Vard om til eit heileigd datterselskap, og var i november 2018 kome opp i 97,22 prosent eigarskap - noko som sikra kontrollen Fincantieri ville ha.
Då bodet kom i november 2017 eigde Fincantieri 55,63 prosent av aksjane.
Bodet verdsette Vard til cirka 1,7 milliardar kroner.
Tettare samarbeid
Før oljeprisfallet i 2014 var det offshorebåtar som prega ordreboka hos Vard. Vard er Nordvestlandets største verftskonsern, med hovudkontor i Ålesund, og verft i Brevik, Søvika, Brattvåg, Tomrefjord, Romania, Vietnam og Brasil.Fincantieri og Vard svarte på kollapsen i marknaden for bygging av offshorebåtar med å styrke driftssamarbeidet. Det samarbeidet har vore med på å gjere Vard om frå ein einsidig byggjar av offshorefarty til å levere fiskebåtar, cruise og transportfarty - samt å få ein fot innanfor oppdrettsnæringa.
To forretningsområde
No blir Vard-verfta i Romania og dei norske Vard-verfta som har spesialiserte seg på cruisefarty heimehøyrande i eit eige forretningseining, "Vard cruise business unit", i følgje pressemeldinga."Vard cruise business unit" skal høyre heime i Fincantieri-forretningsområdet Skipsbygging, som er det største forretningsområdet i Fincantieri.
Dei andre verfta og prosjektleiinga for offshorefarty, spesialfarty (f.eks.fiskebåtar) og kystvaktfartya blir lagt inn under "Vard offshore & specialized vessel business unit", som blir ein del av offshore og spesialfarty-forretningsområdet.
Minus på offshore
Forretningsområdet offshore og spesialfarty hadde 681 millionar Euro i driftsinntekter i 2018, mot 676 millionar i 2017. Resultatet før av- og nedskrivingar (ebitda) blei minus 20 millionar i 2018 mot pluss 41 millionar euro i 2017.Forretningsområde Skipsbygging hadde 4678 millioner Euro i driftsinntekter og eit resultat før av- og nedskrivingar på 395 millionar Euro. Tilsvarande tal for 2017 var 4267 og 270 millionar Euro.
Fincantieri signerte 27 skipsbyggingskontrakter for til saman 8,6 milliardar kroner i fjor og har ei ordrereserve på 33,8 milliardar Euro,
Publisert: 25.02.2019 21:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31