Nominert til gjev pris på Nor-Shipping
Vard konkurrerer med Kongsberg Digital om den mest miljøvenlege løysinga.
Prestisjetunge Ocean Solution Award vert delt ut 6. juni under Nor-Shipping på Lillestrøm.
Kongsberg Digital er nominert med sin Digital’s Vessel Insight-løysing, som er den einaste opne skip-til-sky-datainfrastrukturen som finst, og gjer det muleg for reiarar og operatørar å kople til alle datakjelder om bord og overføre desse til Kognifai-marknadsplassen.
Kongsberg Digital og Vard konkurrerer om prisen med Silverstream Technologies, Alfa Laval/Wallenius og WinGD som står bak nyvinningar for luftsmøringssystem, ny vindstøtteteknologi og ny teknologi med variabelt kompresjonsforhold for totaktsmotorar.
Les meir om dei nominerte her.
Støtta av regjeringa
Vard sitt Ocean Charger-prosjekt fekk i fjor 38 millionar kroner i støtte gjennom Grønt skipsfartsprogram, regjeringa si satsing på miljøvenlege løysingar, blant anna i havvindindustrien.
Ei rekke selskap er involverte i utviklinga av eit system som kan kople vindfartøy til energiuttaket frå vindfarmen, og dermed sleppe å gå til lands for å lade batteria om bord.
Målet er at ein ikkje skal bruke andre energikjelder enn batteri, og såleis ha nullutslepp.
Mange partnerar
Prosjektet er leia av Vard. Med på laget er Vard sine datterselskap Seaonics og Vard Electro, i tillegg til Rem Offshore, Solstad Offshore, Sintef Energi, Sintef Ocean, DigiCat, Sustainable Energy, Equinor, Source Energie, Corvus Energy, Plug, Shoreline, Marin Energi Testsenter, Universitetet i Bergen, Norce og Maritime CleanTech.
Det første fartøyet som skal teste det nye systemet vert eit fartøy frå Rem Offshore.
Publisert: 02.05.2023 08:30
Sist oppdatert: 05.06.2023 17:35