Vard sel taps selskap
SEL DATTERSELSKAP: Vard-sjef Roy Reite har seld datterselskapet Multifag.
Nytt

Vard sel taps-selskap

Vard sel elektroinstallasjon- og rørleggingsselskap.

10.04.2017
Prisen for Telemarl-selskapet Multifag er 12 millionar kroner, .
Multifag, med hovudkontor i Porsgrunn er definert som ei selskap som ikkje er en del av kjerneveksemda til Vard, i følgje meldinga.
Multifag blir kjøpt av Langestrand Kapital, eit selskap med Hallgeir Skogen, dagleg leiar i oljeserviceselskapet Agility Group som styreleiar.

Tap i fleire år

Multifag har gått med underskot frå og med 2009. Verst var det i 2011, med 41 millionar kroner i minus før skatt. I 2015, som er det sist offentleggjorde årsmelding, var underskotet 9,7 millionar kroner.
Salet er ein del av Vard sitt arbeid for å rasjonalisere drifta.

Spesialisering og samarbeid

Sal av selskap utanfor kjerneverksemda er berre ein del a av omlegginga for at Vard på ny skal bli eit lønsamt selskap.
Etter at offshorboomen tok slutt har Vard gått i tettare driftssamarbeid med hovudaksjonærern Fincantieri og spesialisert drifta av sine norske verft, mellom anna ved å rette Vard Aukra mot oppdrettsmarknaden.

Publisert: 10.04.2017 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08