Vard sjef Erik Haakonsholm sluttar
GIR SEG: Erik Haakonsholm under eit møte med næringsministeren ved Vard Langsten tidlegare i år. No har han bestemt seg for å slutte. 
Nytt

Vard-sjef Erik Haakonsholm sluttar

Etter snart 20 år i selskapet har ulsteinvikaren bestemt seg for å forlate konsernet fordi han er usamd om organiseringa.

Marius Rosbach
01.12.2020
Erik Haakonsholm sluttar i jobben som leiar for Offshore & Specialized vessels i Vard. Ulsteinvikaren stadfestar til NETT NO at han sluttar, og han har orientert dei tilsette i ein e-post tysdag.

Vard-tillitsvalt:


Usamd om organisering

I e-posten til dei tilsette legg ikkje Haakonsholm skjul på at han usamd med eigarane om korleis bedrifta blir organisert.
– Eg har ikkje lyst til å gå i detalj om kva eg er usamd i, utover at eg er ueinig i korleis dei organiserer Vard. Eg vil også legge til at eg har vore i Vard i 20 år, og det var ei tung beslutning – og ei avgjerd eg har brukt litt tid på, fortel han til NETT NO.
Haakonsholm vil ikkje utdjupe eller svare på spørsmål om kva med organiseringa han er usamd om.

Gjekk tilbake til eineleiar

Sunnmøringen har mellom anna jobba i Vard Design, og han var leiar for designarbeidet før han gjekk over som leiar for offshore- og spesialskip.
Etter at leiarskapen i det Fincantieri-eigde konsernet er flytta tilbake til éin person, har som sjef for alle Vard-selskapa. Tidleg i november blei det opplyst at Haakonsholm og Mauro Leboffe skulle halde fram som sjefar for kvart sitt område, sistnemnte for cruiseskipsbygginga.
Haakonsholm påpeiker i e-posten til dei tilsette at han trur Maestrini vil gjere ein god jobb, og at han er rett mann til stillinga.
Han legg også til at det å bygge opp Vard Design vil stå att som det sterkaste minne. Haakonsholm fortel at han framleis er stolt over dei verdiane dei introduserte då, men at dei ikkje er like sentrale i selskapet lengre.

Har tid til å tenke ut ny kurs

47-åringen veit ikkje kva han skal jobbe med no.
– Eg har tenkt til å bruke tida framover til å tenke ut kva eg skal gjere vidare. Eg er underlagt ein konkurranseklausul når eg slutttar i Vard, som gjer at eg har litt tid på meg, seier han.
Etter det NETT NO kjenner til, vil konsernet opplyse om kven som blir etterfølgjaren i løpet av ettermiddagen.
Etter fleire tunge økonomiske år, har det gått betre det siste året for verftskonsernet. Ifølgje Fincantieri sin rapport per 3. kvartal er på driftresultatet før av- og nedskrivingar.
Vard har verft i Tomrefjord, Brattvåg og Søvika, og i Romania, Brasil og Vietnam. Etter offshorenedturen er to verft i Noreg avvikla, i Brevik og på Aukra.

Les også:



Publisert: 01.12.2020 16:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07