Vard skal byggje luksusyacht til fem milliardar
Blir verdas lengste i luksusyachtklassen. Skal leverast frå Vard Søviknes i 2024.
Skipet blir utrusta med 39 leilegheiter som skal seljast til folk som vi ha ein heim på havet om bord i Somnio, som skipet skal heite.
Den billegaste er til sals for 9,5 millionar euro (96 millionar kroner) , ifølgje Financial Times, og i alt er det snakk om ei investering på 500 millionar euro (5,1 milliardar kroner) for selskapet bak kontraheringa.
222 meter lange Somnio blir 40 meter lenger enn Azzam, som inntil vidare har verdsrekorden i luksusyacht-klassar. Azzam er eigd av kongefamilien i Abu Dhabi, ifølgje Financial Times,,
Nykomar i cruisemarknaden
Det er selskapet Somnio (same namn som skipet ) som har bestilt fartøyet. Planlegginga av prosjektet starta i 2019, med Carl Le Souef i USA i spissen. Han etablerte hudpleieproduktselskapet Private Formula International, og leier no Somnio Global, som driv med utvikling av ulike typer berekraftig teknologi.
Skroget blir bygd hos Vard Tulcea i Romania og blir slept til Vard Søviknes for utrusting.
Viktig kontrakt
- Dette betyr veldig mykje for oss seier kommunikasjonssjef Hege Akselvoll i Vard om kontrakten.
Når skroget er på plass hos Vard Søviknes i 2023 vil den ta mykje, men ikkje all, kapasitet ved verftet.
Akselvoll seier ho ikkje kan kommentere kor stor kontrakten er for Vard, ut over å seie har Vard ikkje skal ha alle dei 5,1 milliardane som prosjektet kostar.
Reparasjon og vedlikehald
Vard Søviknes skal levere eit cruisefarty til Ponant i løpet av sommaren og byrje på eit nytt for Viking Cruises etter sommarferien.
Vard Langsten fullfører eit cruiseskip for Hapag Lloyd før sommarferien og rettar seg inn mot ombygging, reparasjon og vedlike hald fram til skroget til det første av tre kystvaktskip kjem seinare i år. Dei tre kystvaktskipa skal leverast høvesvis i 2022, 2023 og 2024.
Vard Brattvåg skal levere eit kabelleggingfartøy i år, og har to trålarar og eit nytt kabelleggingfartøy i bestilling. Også i Brattvåg blir det eit periode der verftet satsar på ombygging, reparasjon og vedlikehald.
Publisert: 28.06.2021 09:23
Sist oppdatert: 28.06.2021 13:37