
Vard skal opp i 1500 tilsette
Ordreflaumen som starta i fjor fekk Vard til å tilsette folk på løpande band, og skal ha enda fleire før 2024 er omme.
Kjetil Clementsen, som er sjef for HR i alle Vard-selskapa i Noreg, har fått stadig nye mål å nå.
I september 2023 hadde Vardselskapa i Noreg - verfta, Vard Electro, Seaonics og Vard Design - 1235 tilsette.
I dag er arbeidsstokken på 1340 personer og ytterlegare 65 er tilsett, men har ikkje byrja enno.
Det er likevel ikkje nok.
Ved slutten av 2024 skal talet på tilsette vere oppe i 1500 fortalde Clementsen på Fosnavågkonferansen i går. Det er snakk om alle typar stillingar i alle Vardselskapa, seier han til Nett No.
Tre milliardar-kontraktar på ein månad
Før ordreboomen tok til hadde Clementsen byrja å bu seg mentalt på at han fram i tid ville bli nøydd til å arbeide med nedbemanning.
Snart skulle det bli ei heilt uaktuell problemstilling.
Berre i løpet av desember 2023 offentleggjorde Vard tre kontraktar, alle over ein milliard kroner.
Den samla ordreinngangen til Vard (medrekna verftet i Vietnam) var omlag 20 milliardar i 2023, dobbelt så mykje som året før.
Trengte fleire enn venta
Tidleg i 2024 gjekk dåverande Vardsjef, Alberto Maestrini, ut med ei pressemelding om at Vard skulle oppbemanne, fort.
– I tillegg til rekrutteringa vi gjorde i 2023, må vi tilsette nærare 150 nye medarbeidarar i Noreg i løpet av 2024. Vi treng både produksjonsarbeidar og ingeniørar i alle selskapa våre; Vard Electro, Vard Interiors, Seaonics, Vard Design, og på dei tre verftene våre, sa Maestrini i ei pressemelding.
I løpet av året har vurderingane hos Vard blitt at det er behov for enda fleire folk enn Maestrini rekna med i januar i år.
Publisert: 21.06.2024 05:00
Sist oppdatert: 20.06.2024 23:08