VARD Prysmian kabelskip Illustrasjon Vard
NYTT KABELSKIP: Vard skal bygge eit kabelskip for Prysmian Group. Det 185 meter lange og 34 meter breie skipet er teikna av Vard sine designarar i Ålesund. Illustrasjon: Vard
Nytt

Tredje milliardkontrakt på ti dagar

Vard melder om nok eit kjempekontrakt til ein verdi av minst 2,6 milliardar.

Marius Rosbach
21.12.2023

Vard skal bygge nok eit kabelskip – denne gongen for italienske Prysmian Group. Det er den tredje kontrakten verftskonsernet annonserer på ti dagar – og den fjerde avtalen om å bygge eit slikt type skip i år.

Kontraktsverdien på den nyaste avtalen blir opplyst å vere 230 millionar euro – eller kring 2,6 milliardar kroner.

11. desember melde Vard om eit stort oppdrag for japanske Toyo Construction. Fire dagar seinare kunne dei fortelje om nok eit stor kontrakt med ein ukjent kunde.

Langt foran fjoråret
Dermed har Vard sikra seg nye oppdrag for nær 20 milliardar kroner så langt i år. Det er langt over nivået i fjor - då konsernet fekk nye oppdrag for kring 10 milliardar.

Kjetil Clementsen, som er sjef for HR i alle Vard-selskapa i Noreg, sa til NETT NO i førre veke at konsernet treng ei «betydeleg» mengde med nye folk for å ta unna alle dei nye oppdraga.

Dei to siste åra har Vard først og fremst sikra oppdrag med å bygge skip til vindkraftindustrien til havs, i tillegg til kabelleggingsfartøy og fiskefartøy.

Designa i Ålesund - utrusta i Norge
Skipet til Prysmian Group blir teikna av Vard sine eigne designarar i Ålesund og skal vere av typen Vard 9 18.

Skroget blir bygd ved Vard sitt verft i Romania, og skipet blir utrusta ved eit av verfta i Norge. Skipet skal etter planen leverast mot slutten av 2026.

Det 185 meter lange og 34 meter breie skipet vil ha ein kapasitet på 19.000 tonn kablar. Løysinga vil gjere at fartøyet er mellom skipa i marknaden med størst kapasitet.

Om bord blir det også betydeleg utstyr frå Vard Electro som leverer ei komplett systempakke for kraft- og framdrift.

Kabelskip nummer tre til same kunde
Vard har tidlegare bygd to skip for kabellegging til Prysmian Group.

Italienarane fekk levert det første kabelskipet frå Vard, Leonardo Da Vinci, i 2021. Det andre kabelskipet, Monna Lisa, er framleis under bygging.

Den italienske kunden ønska ifølge Vard å sikre seg nok ei kontrakt på bakgrunn av det tidlegare samarbeidet.

Publisert: 21.12.2023 09:56

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:04

Mer om