NPK-NTB: – Det er eit rotete bilete vi står overfor, og vi går inn i 2020 med stor uvisse rundt kva som vil skje med daglegvaremarknaden, seier varehandelsekspert Odd Gisholt ved Institutt for marketing til NTB.
Det siste året har det skjedd ei rekke ting på daglegvarefronten etter at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har gjort det til ei av hovudoppgåvene sine å rydde opp i det han meiner er for høge prisar, for dårleg utval og for dårleg konkurranse.
I sommar kom det fram at norske butikkar har høgare prisar og dårlegare utval enn nabolanda våre. I haust viste ei gransking frå Konkurransetilsynet at Norgesgruppen får langt betre vilkår enn konkurrentane sine. Dei undersøkjer no om prisforskjellane kan vere ulovlege. I ei ekstern undersøking vart det likevel slått fast at store innkjøpsvolum ikkje åleine kan forklare prisforskjellane.
I desember vart det òg lagt fram ei lov om god handelsskikk som skal gjere forhandlingane i daglegvarebransjen ryddigare. Denne skal behandlast i Stortinget på vårparten.
Gisholt trur eit forbod mot prisdiskriminering vil slå tilbake på forbrukarane.
– Viss alle leverandørane skal gi små og store kundar same pris, må dei ta høgare prisar for å behalde marginane. Det vil føre til høgare prisar i butikkane, seier han.
Varehandelseksperten er ikkje overtydd om at det kjem store endringar frå styresmaktene det neste året.
– Eg meiner at marknaden fungerer ganske greitt, og at det for det meste er pressa og Stortinget som hissar opp stemninga, seier Gisholt, og held fram:
– Det meste av utgreiingar og snakk vil nok koke bort i kålen. Kiwi, Coop Extra og Rema står i ein priskrig, og han kjem nok til å halde fram i 2020. Så er det dei som er best på kostnadskontroll og dyktigast i forhandlingane med leverandørane som kjem til å gjere det best, seier Gisholt.
– Det er avdekt såpass store prisforskjellar i innkjøp at det etter vår meining hindrar konkurransen og stenger nye aktørar ute. Over tid vil desse forskjellane vere øydeleggjande for konkurransen og forbrukarane ved at dei får høgare prisar, seier Instefjord.
Han er òg positiv til lova om god handelsskikk som er lagt fram, men er samtidig klar på at daglegvarebransjen må regulerast ytterlegare.
– Dei siste ti åra har konsentrasjonen på leverandør- og handelssida forsterka seg, og det er uheldig for forbrukarane, seier Instefjord.
– Når Konkurransetilsynet har avdekt det som kan vere lovbrot til fordel for Kiwi og Norgesgruppen, må noko bli gjort. Med dei forskjellane i innkjøpsvilkår som er no, har Norgesgruppen så stor makt og kontroll at daglegvaremarknaden står i fare for å kollapse, seier han.
Også Rema ber styresmaktene gripe inn.
– Det er avgjerande for både kundane og mange av butikkane at styresmaktene set i verk tiltak for å betre konkurransen i daglegvaremarknaden. Vi innrettar oss etter det Konkurransetilsynet tidlegare har sagt om at prisforskjellar mellom 3 og 5 prosent hindrar etablering, og vi meiner det skadar konkurransen, seier PR- og kommunikasjonssjef Calle Hägg.
Norgesgruppen er på si side skeptiske til eit forbod mot prisdiskriminering.
– Det er fordi det i realiteten fjernar moglegheita for effektive forhandlingar. Vi trur konsekvensen blir auka prisar frå leverandørane, noko som ikkje er bra for kundane våre, seier direktør for næringspolitikk og styresmaktskontakt Bård Gultvedt.
Det siste året har det skjedd ei rekke ting på daglegvarefronten etter at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har gjort det til ei av hovudoppgåvene sine å rydde opp i det han meiner er for høge prisar, for dårleg utval og for dårleg konkurranse.
I sommar kom det fram at norske butikkar har høgare prisar og dårlegare utval enn nabolanda våre. I haust viste ei gransking frå Konkurransetilsynet at Norgesgruppen får langt betre vilkår enn konkurrentane sine. Dei undersøkjer no om prisforskjellane kan vere ulovlege. I ei ekstern undersøking vart det likevel slått fast at store innkjøpsvolum ikkje åleine kan forklare prisforskjellane.
I desember vart det òg lagt fram ei lov om god handelsskikk som skal gjere forhandlingane i daglegvarebransjen ryddigare. Denne skal behandlast i Stortinget på vårparten.
Trur ikkje på forbod mot prisdiskriminering
Samtidig har Røe Isaksen varsla ei stortingsmelding om daglegvarebransjen til våren. Kva som vil komme fram der, er ikkje klart, men eit forbod mot å gi ulike prisar til daglegvareaktørane er noko av det som blir vurdert. Eit regjeringsoppnemnt ekspertutval vil komme med ei utgreiing om dette i januar.Gisholt trur eit forbod mot prisdiskriminering vil slå tilbake på forbrukarane.
– Viss alle leverandørane skal gi små og store kundar same pris, må dei ta høgare prisar for å behalde marginane. Det vil føre til høgare prisar i butikkane, seier han.
Varehandelseksperten er ikkje overtydd om at det kjem store endringar frå styresmaktene det neste året.
– Eg meiner at marknaden fungerer ganske greitt, og at det for det meste er pressa og Stortinget som hissar opp stemninga, seier Gisholt, og held fram:
– Det meste av utgreiingar og snakk vil nok koke bort i kålen. Kiwi, Coop Extra og Rema står i ein priskrig, og han kjem nok til å halde fram i 2020. Så er det dei som er best på kostnadskontroll og dyktigast i forhandlingane med leverandørane som kjem til å gjere det best, seier Gisholt.
– Øydeleggjande for forbrukarane
Fagdirektør Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet er glad for at regjeringa har retta merksemda mot daglegvaresektoren.– Det er avdekt såpass store prisforskjellar i innkjøp at det etter vår meining hindrar konkurransen og stenger nye aktørar ute. Over tid vil desse forskjellane vere øydeleggjande for konkurransen og forbrukarane ved at dei får høgare prisar, seier Instefjord.
Han er òg positiv til lova om god handelsskikk som er lagt fram, men er samtidig klar på at daglegvarebransjen må regulerast ytterlegare.
– Dei siste ti åra har konsentrasjonen på leverandør- og handelssida forsterka seg, og det er uheldig for forbrukarane, seier Instefjord.
Coop og Rema ber om regulering
Coops kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis meiner det trengst tiltak frå styresmaktene for å sikre konkurransen i bransjen.– Når Konkurransetilsynet har avdekt det som kan vere lovbrot til fordel for Kiwi og Norgesgruppen, må noko bli gjort. Med dei forskjellane i innkjøpsvilkår som er no, har Norgesgruppen så stor makt og kontroll at daglegvaremarknaden står i fare for å kollapse, seier han.
Også Rema ber styresmaktene gripe inn.
– Det er avgjerande for både kundane og mange av butikkane at styresmaktene set i verk tiltak for å betre konkurransen i daglegvaremarknaden. Vi innrettar oss etter det Konkurransetilsynet tidlegare har sagt om at prisforskjellar mellom 3 og 5 prosent hindrar etablering, og vi meiner det skadar konkurransen, seier PR- og kommunikasjonssjef Calle Hägg.
Norgesgruppen er på si side skeptiske til eit forbod mot prisdiskriminering.
– Det er fordi det i realiteten fjernar moglegheita for effektive forhandlingar. Vi trur konsekvensen blir auka prisar frå leverandørane, noko som ikkje er bra for kundane våre, seier direktør for næringspolitikk og styresmaktskontakt Bård Gultvedt.
Publisert: 30.12.2019 09:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






