Nytt
Varslar kraftig vekst for Optimar
I sine to år som Optimar-sjef har Håvard Sætre auka bemanninga med 200 personar. No siktar Optimar mot å bli tre gangar større.
22.10.2018
I fjor nådde Optimar 1,1 milliardar kroner i driftsinntekter. Målet er å bli minst tre gangar større innan få år, sa Sætre då han møtte Stortingets næringskomite i dag.
Optimar lagar utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa og skal vekse både i dei marknadane selskapet er i dag, og ved å gå inn på nye område.
Framover ventar Sætre at selskapet kjem til å trenge mange folk med kompetanse selskapet ikkje har i dag, først og fremst for å bidra til større automatisering og digitalisering.
Akkurat kor raskt selskapet skal bli tre gangar større vil ikkje Sætre vere meir presis på enn å seie at det skal skje "i løpet av dei neste åra".
- Eg vil ikkje konkretisere det , for det skal ikkje gå på bekostning av kvalitet, seier Sætre til NETT NO.
Selskapet lagar og fabrikken i Aker Biomarines nye krilltrålar. Kunnskapen derifrå gjer at selskapet og vil satse på anlegg for å lage fiskemjøl- og fiskeolje, seier Sætre.
Kva andre område selskapet eventuelt skal gå inn på vil Sætre ikkje kommenter, men peikar på at Optimar pr. i dag har rundt 20 ulike produkt under utvikling som selskapet førebels ikkje har vist fram i marknaden.
Optimar har hovudkontor på Valderøya og er eigd av Haniel, eit tysk familieigde selskap, som kjøpte aksjemajoriteten i Optimar i desember i 2017.
Optimar lagar utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa og skal vekse både i dei marknadane selskapet er i dag, og ved å gå inn på nye område.
Fleire jobbar
I dag har Optimar-konsernet 456 tilsette, fleirtalet av dei i Noreg. Og det skal bli enda fleire, sjølv om veksttakten for arbeidstokken truleg ikke blir like stor som dei to siste åra, i følgje Sætre.Framover ventar Sætre at selskapet kjem til å trenge mange folk med kompetanse selskapet ikkje har i dag, først og fremst for å bidra til større automatisering og digitalisering.
Akkurat kor raskt selskapet skal bli tre gangar større vil ikkje Sætre vere meir presis på enn å seie at det skal skje "i løpet av dei neste åra".
- Eg vil ikkje konkretisere det , for det skal ikkje gå på bekostning av kvalitet, seier Sætre til NETT NO.
Mjøl og olje
I dag lagar Optimar anlegg for handtering og bearbeiding av fisk for større fiskebåtar, for fiskeindustrien på land og for oppdrettsnæringa, der selskapet er mest kjent for sitt eigenutvikla avlusninganlegg.Selskapet lagar og fabrikken i Aker Biomarines nye krilltrålar. Kunnskapen derifrå gjer at selskapet og vil satse på anlegg for å lage fiskemjøl- og fiskeolje, seier Sætre.
Kva andre område selskapet eventuelt skal gå inn på vil Sætre ikkje kommenter, men peikar på at Optimar pr. i dag har rundt 20 ulike produkt under utvikling som selskapet førebels ikkje har vist fram i marknaden.
Optimar har hovudkontor på Valderøya og er eigd av Haniel, eit tysk familieigde selskap, som kjøpte aksjemajoriteten i Optimar i desember i 2017.
Publisert: 22.10.2018 13:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27