– Eg har gjort eit lite veddemål med revisoren min
Kjøtthandlar Roger Brudevoll ventar nytt rekordår i år.
Om dei frittståande kjøttbutikkane er målestokken, går det bra med privatøkonomien på Sunnmøre.
Både Brudevoll Kjøtt i Ulsteinvik og Hole Kjøtt i Ålesund auka inntektene og lønsemda i fjor (sjå tabellar under).
Så langt ligg 2024 an til å bli eit enda betre år. Gitt at arbeidsstokken er stabil og han unngår skader på produksjonssutstyr, har Brudevoll Kjøtt-eigar Roger Brudevoll vedda på at han får eit betre år enn i fjor.
– Eg har gjort eit lite veddemål med revisoren min om at dette året blir det beste nokon sinne, seier Brudevoll.
Både butikk og leverandør
Roger Brudevoll eig Brudevoll Kjøtt gjennom selskapet Brudevoll Eigedom.
Selskapet skjer kjøt og produserer kjøtvarer, både til sin eigen butikk i Ulsteinvik og til andre butikkar. Brudevoll sine mørpølser er det mest kjente produktet.
Inntektsveksten i fjor skuldast ein kombinasjon av volumauke og auka prisar, seier Brudevoll. Nokon verknad av auka renter og kostnadar kan han ikkje registrere i handelen.
Roger Brudevoll delte verksemda si i eit eigedom- og eit driftsselskap i 2018. Første heile driftsår for driftsselskapet Brudevoll Kjøtt var 2019, med 18 millionar kroner og selskapet har hatt vekst kvart år sidan.
Koronahopp
Hole Kjøtt i Keiser Wilhelms gate i Ålesund fekk ein markert inntekstauke frå 2019 til 2020, det første året under koronapandemien. Då steig inntektene frå 14,7 til 16,7 millionar kroner og vidare til 18,5 millionar kroner i 2021.
I 2022 og 2023 har inntektene halde seg kring 18 millionar. Driftsmarginen frå 2022 til 2023 blei dobla (sjå tabell under).
Dagleg leiar Oddbjørn Hole i Hole Kjøtt i Ålesund ønskjer ikkje å kommentere rekneskapen for 2023, eller utviklinga så langt i år. Han eig og driv verksemda saman med Aina Oldeide Hole.
Brudevoll Kjøtt as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 22,1 | 21,2 |
Driftsresultat | 3,2 | 2,7 |
Resultat før skatt | 3,3 | 2,8 |
Brudevoll Eigedom as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 3,8 | 1,5 |
Driftsresultat | 2,6 | 0,1 |
Resultat før skatt | 6,5 | 0,2 |
Hole Kjøtt as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 18,3 | 17,8 |
Driftsresultat | 1,4 | 0,8 |
Resultat før skatt | 1,8 | 1,0 |
Publisert: 06.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 05.04.2024 23:52