Oslo 20211108 Finansminister Trygve Slagsvold Vedum møter pressen utenfor sin Statsrådsbolig i forbindelse med tilleggsproposisjon for statsbudsjettet Foto Torstein Bøe NTB
KLOKKA 12: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum møtte pressa utanfor statsrådsbustaden sin i samband med tilleggsproposisjon for statsbudsjettet. Den blir lagt fram klokka 12 i dag. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Nytt

Vedum: Folk skal sjå at vi ser kvardagen deira

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier folk vil merke endringane regjeringa legg opp til i statsbudsjettet som blir lagt fram i dag.

08.11.2021

NPK-NTB-Peter Tálos og Fredrik Moen Gabrielsen: Det var ein smilande Vedum som kom ut frå bustaden sin i Homansbyen i Oslo litt over klokka 7 måndag morgon. Til journalistane som venta på utsida, sa finansministeren at han hadde sove godt og såg fram til ein god budsjettdag.

Han ville ikkje seie noko konkret om kor mykje oljepengar regjeringa legg opp til å bruke. Den siste tida har kraftig auke i olje- og gassprisane òg ført til meir pengar i statskassa.

– Vi har jo hatt veldig låge renter. Krona har òg vore veldig låg, og det har styrkt konkurranseevna vår. Vi er opptekne av å ha eit ansvarleg og godt budsjett, og det er det vi kjem til å leggje fram, sa Vedum.

– Ikkje spent
Klokka 12 vil han leggje fram forslaget til endringar i statsbudsjettet for neste år i Stortinget. Han er førebudd på debatt, men er ikkje uroleg for kritikken frå opposisjonen.

– Eg er ikkje veldig spent eigentleg. Dette er eit godt statsbudsjett og ein god budsjettdag, seier Vedum.

– Folk skal sjå at vi ser kvardagen deira, legg han til.

Straum, klima og pendlarar
Vedum nemner spesielt pendlarar, der det på førehand har vore kjend at regjeringa vil styrkje pendlarfrådraget til ein pris av 500 millionar kroner. Eit anna tiltak er at den nye regjeringa vil kutte elavgifta med nesten 50 prosent i januar, februar og mars for å møte dei høge straumprisane. Tiltaket er berekna til å gi staten 2,9 milliardar kroner mindre i avgifter neste år.

– Dette hjelper alle som har straumutgifter i Noreg, og det er viktig at dei kostnadene ikkje blir kjempehøge for folk, seier Vedum.

Han seier òg at han gler seg til å leggje fram den delen av det endra forlaget som går på klima.

– At vi klarer å få ned norske klimagassutslepp og skape fleire arbeidsplassar og verdiskaping, og så skal vi ta omsyn til folk. For det er eg alltid oppteken av: At ein skal ta omsyn til folk, seier finansministeren.

Trur SV blir fornøgd
Han meiner at Ap-Sp-regjeringa kjem til å ha ein god dialog med SV om budsjettet.

– Mange av dei tinga som ligg i budsjettet, er ting som SV vil kjenne seg igjen i, til dømes dette med styrkt kommuneøkonomi når det gjeld skule, sjukeheim og låge prisar i barnehagen, seier Vedum.

Han spår at SV kjem til å vere ekstra fornøgde med 300 millionar kroner ekstra til ressurskrevjande tenester, som går til dei med aller størst hjelpebehov i kommunane.

Publisert: 08.11.2021 08:28

Sist oppdatert: 08.11.2021 08:35