Etter Moods of Norway i Stryn gjekk konkurs i 2017 kjøpte tidlegare eigarar, med Jan Egil Flo i spissen, varelageret og merkenamnet. Dei siste åra har Moods of Flo sitt selskap Retail Drift, halde klesmerket levande gjennom nettbutikk og ein fysisk butikk i Stryn.
Etter å ha hatt knappe 15 millionar kroner i driftsinntekt i åra 2021-2022, auka dei til 18,3 millioner i 2023 og blei 17,5 millionar kroner i 2024. I fjor blei det ny vekst (sjå tabell).
Også om andre inntekter på 6,7 millioner kroner ikkje blir rekna med passert Retail Drift 20-millionar kroner i inntekt i fjor,
Relansering
I år planlegg Moods of Norway ei kapitalutviding for å finansiere ei større relansering, gjennom eit nytt selskap.
Kapitalutvidinga skal vere todelt, der Flo og andre går inn med verdiar samstundes som det vert henta pengar frå mindre investorar gjennom finansieringsplattforma Folkeinvest. I alt er det snakk om ei kapitalutviding på 30 millionar kroner.
Tidlegare denne veka sa Flo til Nett No har han tippar kapitalutvidinga kjem i gang etter påske.
På topp hadde Moods of Norway over 800 tilsette og 343 millionar kroner i driftsinntekt.
| Retail Drift as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 26,7 | 17,5 |
| Driftsresultat | 6,3 | -0,3 |
| Resultat før skatt | 7,0 | 0,4 |
Publisert: 19.02.2026 10:27
Sist oppdatert: 19.02.2026 17:05






