– Eg tippar den kjem ut etter påska, alt ligg klart til å trykke på knappen når det er ferdig behandla i brreg.no (Brønnøysundregistra, red. merk), seier Jan Egil Flo om den planlagte kapitalutvidinga som skal vere med og finansiere relanseringa av Moods of Norway.
Etter konkursen i 2017 sto Jan Egil Flo i spissen for å kjøpe konkursbuet, og med det varelageret. Sidan har verksemda vore drive vidare, men i liten skala.
30 millionar
I tillegg til å hente 10 millionar kroner i regi av Folkeinvest, går Flo og partnarar går inn med 20 millionar kroner.
Målet er å ha Moods of Norway-plagg ute hos butikkar i august i år.
Folkeinvest organiserer kapitalutvidingar retta mot små investorar, der det er råd å bli med også med relativt små beløp.
– Vi skal gjere ei rebranding og reintroduksjon av Moods of Norway, sa Flo til Finansavisen då relanseringsplanane vart kjent i fjor haust.
Les også
Over 800 tilsette
Moods of Norway-varemerket fekk eit nytt liv med Flo bak roret etter konkursen, men i ein svært krympa versjon samanlikna med stordomstida til klesmerket.
På topp hadde Moods of Norway over 800 tilsette og 343 millionar kroner i driftsinntekt. I dag er det snakk om ein fysisk butikk i Stryn, og nettbutikk. Omlag 70 prosent av inntektene kjem frå nettbutikken.
Publisert: 17.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 16.02.2026 21:46






